I eit informasjonsskriv frå juni – til alle landets kommunar og fylkesmenn – har Barne- og familiedepartementet [BFD] gjort greie for kva krav Høgsterett stiller til sakshandsaminga i barnevernssaker.  Bakgrunnen er dei tre storkammerdommane frå mars der Høgsterett presiserte korleis norske barnevernstyresmakter og domstolar skal etterleve Den europeiske menneskerettsdomstolen [EMD] si forståing av EMK artikkel 8 om retten til familieliv. 

Det er inga usemje om at den nye rettspraksisen medfører strengare prosessuelle krav til barnevernet og domstolane. Det gjeld både for fastlegging av faktum, dokumentasjon og grunngjeving av tiltak i barnevernssaker. I informasjonsskrivet gjev BFD ein oversynleg og god gjennomgang av desse krava. Om det også vil verte løyvd tilstrekkelege midlar til å setje barnevernstilsette og dommarar i stand til å etterleve dei, står att å sjå. Sakshandsaming på så høgt nivå som informasjonsskrivet og dei underliggande dommane legg opp til, er krevjande. Med det volumet vi har av barnevernssaker, er det vanskeleg å tenkje seg at nivået er oppnåeleg utan mykje opplæring og fleire sakshandsamar- og dommarårsverk.

Det som det derimot er usemje om – men som BFD likevel ikkje har gått inn på i informasjonsskrivet – er kor langt den nye rettspraksisen medfører høgre materielle inngrepstersklar. Diskusjonen om omsorgsovertaking etter barnevernlova § 4-12 er illustrerande. I den første av dei tre storkammerdommane, HR 2020-661-S, uttalte Høgsterett om det i eit obiter:

«Ved omsorgsovertagelse innebærer [EMD si avgjerd i Strand Lobben] at et inngrep på grunnlag av de materielle vilkårene i barnevernloven § 4-12 må være i samsvar med kravet om "very exceptional circumstances"».

I den andre storkammerdommen, HR 2020-662-S, utdjupa Høgsterett dette:

«Omsorgsovertakelser må altså være i samsvar med kravet om «very exceptional circumstances» og kan dermed bare besluttes helt unntaksvis. Dette er også uttalt i EMDs dom 10. mars 2020 Hernehult mot Norge avsnitt 62. Slik jeg ser det, er dette kravet i overenstemmelse med barnevernslovens bestemmelser om omsorgsovertakelse».

Kort tid etter dommane var sagt, stilte professorane Karl Harald Søvik og Kirsten Sandberg spørsmål om Høgsterett hadde misforstått EMD og oppstilt for strenge vilkår for omsorgsovertaking.  Advokatane Thomas Horn og Halvard Helle argumenterte, på si side, for at terskelen etter praksis frå EMD faktisk var så høg som det Høgsterett samrøystes la til grunn. 

Eg kjenner ikkje EMD sin praksis på området godt nok til å ta stilling til om Høgsterett har misforstått. Eg les uansett storkammerdommane slik at den materielle terskelen for omsorgsovertaking er vesentleg heva. Dei allereie strenge grunnvilkåra i barnevernlova § 4-12 er blitt enno strengare. Dei må tolkast i lys av og i samsvar med vilkåret om «very exceptional circumstances». Dersom dette er den riktige tolkinga, betyr det at barn må leve med meir omsorgssvikt enn tidlegare, før barnevernet kan be om omsorgsovertaking. At omsorgsovertaking berre er aktuelt «helt unntaksvis», der det ligg føre veldig eksepsjonelle omstende, kan forståast slik at det må vere akutt fare for livet eller helsa til barnet. Dette trengst det i tilfelle ei snarleg avklaring av.

Andre har imidlertid tolka dommane annleis enn meg. Professor Kirsten Sandberg synest til dømes å lese dei slik at Høgsterett slo fast at grunnvilkåra i barnevernlova § 4-12 allereie var i samsvar med EMD sitt krav om «very exceptional circumstances.» Ho syner til Høgsterett si presisering i HR-2020-662-S om at «dette kravet er i overenstemmelse med barnevernslovens bestemmelser om omsorgsovertakelse». Slik eg forstår Sandberg, impliserer dette at det berre er dei prosessuelle krava som er blitt strengare. Materielt er terskelen uendra, og praksis under barnevernlova § 4-12 kan oppretthaldast berre sakshandsaminga vert grundigare.

Med tanke på situasjonen til barn som lever i alvorleg omsorgssvikt, håpar eg Sandberg har rett. Det er ikkje poenget her. Poenget er at både mi og hennar tolking let seg sameine med det Høgsterett har sagt. Med andre ord ligg det føre ein tolkingstvil. Det må også BFD ha sett, eller i det minste vere kjent med frå ordskiftet om dommane. I ein slik situasjon er det nærmast uforståeleg at det vert sendt ut eit informasjonsskriv om dei utan at tolkingstvilen vert nemnt, og utan at det vert gjort greie for korleis BFD meiner han skal løysast. 

Slike elefantar kan vi ikkje ha i rommet. Omsorgsovertaking er mellom det offentlege sine aller sterkaste tvangsinngrep. Kvar terskelen ligg er av fundamental betydning for barn sitt sjølvstendige krav på vern mot vald og anna omsorgssvikt, for retten til familieliv og for rettstryggleiken til foreldra. Å fastlegge terskelen, er difor ikkje ei oppgåve som bør overlatast til barnevern, fylkesnemnder og domstolar, gjennom prøving og feiling i enkeltsaker. BFD må ta ansvar for å avklare dette, i rundskriv eller om naudsynt gjennom lovframlegg til Stortinget. Berøringsangst i kjerneområdet av legalitetsprinsippet er ingen tent med. 

Frå 2015 og fram til i dag har EMD tatt til handsaming 39 barnevernssaker mot Norge knytt til ulike tiltak. I sju av til no ni dommar, har EMD konstatert krenking. Fleire har sett dette som uttrykk for strukturelle utfordringar, låg kvalitet og dårleg utdanningsnivå i barnevernet. Det gjeld mellom anna NIM ved direktør Adele Matheson Mestad og seniorrådgjevar Anniken Barstad Waaler. I eit innlegg på Rett24 har dei forklart domfellingane med prosessuelle manglar.  

Medieomtale av to saker som regjeringa har anka, tyder likevel på at for dårleg kompetanse og sakshandsaming ikkje er den einaste mogelege forklaringa. I dei to sakene meiner regjeringa at EMD ikkje har vurdert og vektlagt omsynet til barna sitt sjølvstendige krav på vern. I fylgje Dagbladet er det i prosessdokumenta gjort gjeldande at EMD gjennom dei to avgjerdene «nedgraderer barnets beste» og «fremmer rettighetene til forsømmende foreldre». Det skal vidare vere uttalt at Norge meiner at dette er «en utvikling som Den europeiske menneskerettighetsdomstol ikke bør være assosiert med».  

Dersom dette stemmer, bør regjeringa gjere greie for desse synspunkta, ope og offentleg. Som Matheson Mestad og Barstad Waaler også peikte på i Rett24-innlegget, har Norge gjennom Menneskerettslova og grunnlovsendringane frå 2014 bunde seg til den «menneskerettsmasten» som EMD si tolking av EMK representerer.  

Om regjeringa meiner at denne masta er i ferd med å knekke, må opinionen bli gjort kjent med det. Då kan det vere heilt andre årsaker enn feil og manglar i sakshandsaminga til barnevern og domstolar, som gjer at Norge stadig kullsiglar i Strasbourg. Som kjent er det å stille (urealistisk) høge prosessuelle krav, ein teknikk som tidvis vert brukt av domstolar som vil underkjenne tiltak dei finn urimelege.