Ein fem år lang rettsstrid i England er over. Sara Finch, nabo til eit planlagt utvida oljefelt på Horse Hill i Surrey, gjekk til sak mot lokale planstyresmakter. Godkjenninga av plan for utvida drift, med to brønnar og boringa av fire nye, med estimert totalt produsert olje på 3.3 millionar tonn, vart underkjent. Med skarpast mogleg dissens 3-2 kom fleirtalet i Høgsterett til at det var krav om å konsekvensutgreie forbrenningsutslepp som ville følgje av prosjektet. Saka gjeld direkte tolkinga av prosjektdirektivet, ettersom den gjeld eit tilhøve frå 2019, før BREXIT. 

I saka sette opprinneleg planstyresmaktene krav om å vurdere forbrenningsutslepp, men styresmaktene ombestemte seg så seinare, og sette kun krav om at direkte utslepp frå prosjektet vart utgreidd. Spørsmålet for domstolen var om planmyndigheita kunne avgrense utgreiingskrava slik, eller om det er krav om å utgreie også forbrenningsutslepp.

Komplekse årsakssamanhengar

Problemstillinga knyt seg til det som gjerne vert kalla «scoping» - «omfang». Omfattande og ufokuserte  konsekvensutgreiingar kan vere meir villeiande enn rettleiande, og det må difor gjerast ei nærare innramming av kva som skal utgreiast,  «scoping». Denne innramminga skjer i planprogrammet, der forvaltinga, etter offentleg høyring, fastset krav til utgreiing av aktuelle tema. Systemet med ei tredeling av ei verksemd sine klimagassutslepp deler klimautslepp i tre, der utslepp frå produksjonen reknast som «scope 1». Utslepp frå innsatsfaktorar, som frå straumproduksjonen til verksemda, fell under «scope 2». Verknader av vidare bruk og sluttbruk av produkt frå verksemda reknast i «scope 3». Dei EU/EØS-rettslege KU-direktiva og norsk KU-forskrift omtaler ikkje direkte denne systematikken, men den er etter kvart allment innarbeidd som verktøy for å systematisere årsaka til ulike klimaverknader.

Årsakssamanhengar knytt til klima kan vere komplekse og gjere det tilsvarande vanskeleg å lage gode konsekvensutgreiingar om klima. Om utgreiinga skal opne perspektivet mot regionale og globale klima-samanhengar, livssyklusperspektivet og klimaverknader frå innsatsfaktorar til verksemda, produksjonen og klimaverknader av sluttbruken av produkt, som forbrenning av olje og gass i andre land enn produksjonslandet, vert på mange måtar «alt» relevant. Det kan hevdast å opne slusene for ei flodbølgje av utgreiingstema. I norsk rett er problemstillinga diskutert av Høgsterett i Klimadom I og tingrettsdommar Lena Skjold Rafoss i Klimadom II.

Norsk praksis

Den norske KU-forskrifta, som byggjer på prosjektdirektivet, slår fast at det både for strategisk KU og prosjektspesifikk KU er relevant å sjå på «positive, negative, direkte, indirekte, midlertidige, varige, kortsiktige og langsiktige virkninger», jf. 21 andre ledd. I samband med scope 3-verknader, som altså er klimaverknader av vidare bruk og sluttbruk av produkt frå verksemda, vart denne føresegna, og tilsvarende særreglar for KU på petroleumssektoren, drøfta i både Klimadom I og Klimadom II i relasjon til forbrenning av norsk olje og gass i utlandet.

Norsk Høgsterett er i Klimadom I samstemt om at scope 3-verknader er relevante å utgreie i KU, og dette vert lagt til grunn i Klimadom II. Scope 3 er omfatta av konsekvensutgreiingspliktene, både under petroleumsregelverket og den allmenne KU-forskrifta. Klimaomsyn gjennomsyrer krava til kva som skal utgreiast. Kva som skal med, må tilpassast den konkrete avgjerda og det som er relevant og rimeleg å krevje utgreidd i denne.

Byggjer på norsk rett

I saka frå engelsk Høgsterett vart det hevda frå saksøkte, at forbrenningsutslepp ikkje var «miljøverknader» av prosjektet i lova si tyding, subsidiært at om det var det, låg det til forvaltinga sitt frie skjønn å vurdere om det skulle påleggjast utgreiing av teamet, med tilsvarande avgrensa rettsleg prøving. Påstandane førte ikkje fram. Førstvoterande legg i si oppsummering til grunn:

«It is agreed that the project under consideration involves the extraction of oil for commercial purposes for a period estimated at 20 years in quantities sufficient to make an EIA mandatory. It is also agreed that it is not merely likely, but inevitable, that the oil extracted will be sent to refineries and that the refined oil will eventually undergo combustion, which will produce GHG emissions. It is not disputed that these emissions, which can easily be quantified, will have a significant impact on climate. The only issue is whether the combustion emissions are effects of the project at all. It seems to me plain that they are.»

Interessant nok byggjer engelsk høgsterett også på norsk rett her, og den overbevisningskrafta som ligg i argumentasjonen frå norske domstolar. Etter å ha sett på både Klimadom I og Klimadom II legg domstolen til grunn særleg om tingrettsdommen:

«As a judgment of a foreign court, although on the very question in issue before us, this decision only has authority in so far as its reasoning is persuasive. I do find the reasoning of the Oslo court persuasive and agree with it. It entirely accords with what I consider to be the proper interpretation of the EIA Directive.»

Avgjerda finn du her.

Prosjektdirektivet, (Directive 2011/92 EU, endra ved Direktiv 2014/52/EU) om vurdering av visse prosjekters miljøvirkning

Klimadom I, HR-2020-2472-P

Klimadom II, Oslo tingrett i januar 2024, TOSL-2023-99330