Rett24 skreiv mandag om at Agder lagmannsrett har oppheva ein dom frå Vestfold tingrett i ei omfattande straffesak fordi dommaren – ein dommarfullmektig – hadde søkt og fått jobb i Økokrim i medan vedkomande administrerte hovudforhandlinga og skreiv dom. Lagmannsretten viste til at «dommerfullmektigens tilknytning til ny arbeidsgiver var egnet til å svekke tilliten til henne som dommer i angjeldende sak». Konsekvensen er at hovudforhandlinga må gjennomførast på nytt, til millionar i ekstra kostnader og større psykisk belastning for dei involverte.

Nokon vil kanskje tenkje at problemet er at dommarfullmektigen ikkje erklærte seg inhabil og opptredde klanderverdig ved å leggje ut ei melding om jobbskiftet på Linkedin. Eg vil hevde at denne saka illustrerer eit uløyseleg strukturelt problem ved dommarfullmektigordninga: Fordi dommarfullmektigar er tilsette på to-årskontraktar med avgrensa høve til forlenging, vil alle dommarfullmektigar vere på jobbjakt så snart opplæringsperioden er over. Dommarfullmektigforeininga har sjølv peikt på at dei fleste dommarfullmektigar sluttar etter halvanna år i stillinga. Jobbsøking, og med det risiko for inhabilitet, er innebygd i dommarfullmektigordninga.

Også overfor advokatfirma

Det er grunn til å minne om, som eg fånyttes har gjort tidlegare, at spørsmålet ikkje berre er om ein dommar faktisk opptrer partisk i ei sak, men også om domstolanes samansetnad, organisering eller andre objektive haldepunkt gjev rimeleg grunn til tvil om dommaren opptrer upartisk. Dette er grunnen til at Agder lagmannsrett presiserte at og det «er uten betydning hvorvidt hennes tilknytning til påtalemyndigheten fikk faktisk betydning for dommens innhold og resultat.» Vi må organisere domstolane slik at både partane og ålmenta kan ha tillit til at dommarane er upartiske og uavhengige.

Saka frå Vestfold tingrett syner at jobbsøkande dommarar lett kan rokke ved denne tilliten. Risikoen er ikkje avgrensa til politiet og påtalemakta i straffesaker. Risikoen er også til stades overfor advokatfirma som opptrer i retten. For tilliten til at dommaren er upartisk må det ikkje nødvendigvis gå så langt som at dommaren søker jobb hos ein aktør i retten og såleis blir inhabil. I eit systemperspektiv kan ein hevde at terskelen for tillit bør liggje lågare, og at det er ikkje tillitsvekkande at ein stor del av dommarane er jobbsøkande.

Omtrent halvparten

Ein kan innvende at faren for inhabilitet ved jobbskifte gjeld alle dommarar. Saka er likevel den at fast tilsette dommarar sjeldan skiftar jobb, medan alle dommarfullmektigar vil måtte skifte jobb etter kort tid.

Risikoen er dessutan heva som følgje av at talet på dommarfullmektigar er høgt samanlikna med faste dommarar. Domstolskommisjonen peikte i 2020 på at om lag 30% av alle dømande årsverk i tingrettane er dommarfullmektigar (NOU 2020: 6, pkt. 12.3.4). Årsrapporten til Domstolsadministrasjonen for 2024 viser 152 mellombels tilsette i tingrettane mot 374 embetsdommarar. Forholdstalet er verre når vi ser på kven som faktisk dømer i saker for tingrettane. Etter å ha teke omsyn til permisjonar blant faste dommarar, fråtredingar og nokre kortvarige tilsetjingar, kom Domstolskommisjonen til at «omtrent halvparten av fagdommerne som dømmer i tingrettene i løpet av et år» er dommarfullmektigar (NOU 2020: 6, pkt. 12.3.4). Desse tala syner at vi har bygd inn ein stor og permanent systemrisiko i rettsvesenet. 

Det er vanskeleg å sjå korleis ein kan hindre framtidige inhabilitetsskandalar med førebyggjande tiltak. Ein kan påleggje dommarfullmektigar å varsle domstolleiar når dei søker nye stillingar. Ei slik ordning vil likevel ikkje hjelpe overfor dommar som er avsagt før søknad er sendt. For jobbsøkaren byrjar tankeprosessen på ny jobb – og med det grunnlaget for tvil om vedkomande opptrer upartisk overfor mogleg arbeidsgjevar – lenge før søknaden blir sendt. Det er ein grunn til at både Grunnlova og internasjonale standardar for uavhengige og upartiske domstolar seier at dommarar skal vere fast tilsette til pensjonsalder.

To moglege vegar

Etter mitt syn er det berre to moglege vegar ut av uføret:

1) Ei radikal omlegging av dommarfullmektigordninga som gjer at ei dommarfullmektigstilling blir ei genuin utdanningsstilling som førar fram til fast embete. Det vil bety ein ny rekrutteringsmodell for dommarar. Den innstramminga av dommarfullmektigordninga som er føreslått av fleirtalet i Domstolskommisjonen og av Domstolsadministrasjonen, vil ikkje løyse problemet sidan den ikkje gjere noko med årsaka: Kortvarige og tidsavgrensa dommarfullmektigstillingar.

2) Ei avskaffing av heile dommarfullmektigordninga, slik mindretalet i Domstolskommisjonen gjekk inn for. Ei avskaffing av dommarfullmektigordninga vil krevje at Stortinget løyver nok midlar til at tingrettane kan fyllast med faste dommarar. Inhabilitetsskandalen frå Vestfold tingrett er ein gyllen sjanse for domstols-Noreg til å overtyde våre folkevalde om at dagens dommarfullmektigordning ikkje er ein rettsstat verdig.