Jan Tollefsen er partner advokatfirmaet Tollefsen AS, mens Terje Mowatt er sorenskrivar Sogn og Fjordane tingrett.

I sin første delrapport framlagt 1. oktober 2019 foreslår Domstolskommisjonen endringar i domstolsstrukturen.  Etter at rapporten kom, er det førebels ikkje sendt noko på høyring frå justisdepartementet.

Nokre hovudelementa i Domstolskommisjonen sin rapport er reduksjon i talet på tingrettskrinsar frå om lag 60 til 22, reduksjon i talet på jordskiftesokn frå 34 til 13 og samlokalisering av jordskifterettar og tingrettar. I rapporten er det opna for fleire rettsstadar, bemanna og ubemanna, innanfor rettskrinsane. Domstolskommisjonens forslag har møtt reaksjonar, både positive og negative.

Våre hovudsynspunkt er at forslaga frå Domstolskommisjonen byggjer på eit solid fagleg grunnlag. Den faglege argumentasjonen frå kommisjonsrapporten er langt på veg den same som den vi har sett til i Sogn og Fjordane i dei endringane vi har gjort i tingretten dei siste åra, og som vi er i ferd med å gjera. Vi meiner Sogn- og Fjordane-modellen kan bli modell for resten av domstol-Noreg.

I tingrettane i Sogn og Fjordane har vi tatt grepa som Domstolskommisjonen foreslår. Vi har, basert på semje mellom tilsette, sentrale brukarar og politikarar, etablert fylkesdomstolen  Sogn og Fjordane tingrett med hovudsete i Førde og med bemanna rettsstad i Sogndal og ubemanna på Nordfjordeid.  Frå mai 2020 vil tingretten vere samlokalisert med jordskifteeiningar på desse tre stadane. Vert dei tre jordskifterettane i Sogn og Fjordane slått saman slik domstolskommisjonen foreslår, vil jordskifterettens soknegrensar tilsvare tingrettsrettens rettskrins. 

Samanslåing av rettskrinser kombinert med tenesteleveransar på fleire rettsstadar har, saman med digitalisering og nye arbeidsmåtar, vore dei viktigaste elementa i tingrettens utviklings- og moderniseringsarbeid i Sogn og Fjordane dei siste åra.

Kort tilbakeblikk

I 2005 kom den førre Domstolkommisjonen med sitt forslag til struktur. Basert på denne vart tre av dei fire tingrettene i Sogn og Fjordane fylke slått saman til Fjordane tingrett. Den fekk 7 dømmande årsverk. Denne strukturen gjaldt fram til 2015 då Fjordane tingrett og Sogn tingrett fekk felles leiing.

Hausten 2015 forkasta Stortinget eit forslag frå Domstoladministrasjonen (DA) om samanslåing av tingrettar fleire stadar i landet, medrekna eit forslag om samanslåing av Fjordane tingrett og Sogn tingrett. Fleirtalet i Justiskomiteen gav likevel ei opning for frivillige samanslåingar, der dei la vekt på god involvering av kommunane og tilsette.

Basert på dette gjennomførte vi ein prosess i Sogn og Fjordane retta mot eigne tilsette, sentrale brukarar, samt berørte kommunar. Samanslåingsforslaget vart møtt med forståing og aksept hos alle involverte. Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane gav positiv tilslutning til forslaget. Semja om «Sogn og Fjordane-modellen» heldt også fram i høyringa som justisdepartementet gjennomførte i 2016, før samanslåinga vart endeleg vedtatt under budsjettbehandlinga hausten 2016. Det er verdt å merke seg at heile det politiske miljøet stilte seg bak denne løysinga.

Distriktsmodell som fungerer

Til liks med andre delar av Distriktsnoreg er Sogn og Fjordane eit område med lågt folketal og relativt store reiseavstandar. For å bøte på dette har vi hatt ein ubemanna og ein bemanna rettsstad (høvesvis Nordfjordeid og Sogndal). Dette har redusert avstandsulempene, samstundes som ei utviding av rettskrinsen og samling av dei dømmande ressursane i ei organisatorisk eining har gitt oss eit solid fagmiljø. Domstolen ligg i fremste rekkje når det gjeld digitalisering og nye arbeidsmåtar. Vi har fagansvarlege dommararar, vi har moderat spesialisering, god kontroll på saksavviklinga og vi gjennomfører studiepermisjonar for dommarane. Vi har fått solide søkarar på nyleg utlyste dommarembete.

Framtida for distriktsdomstolane

Når politikarar vernar om sine lokale domstolar, er det heilt sikkert gjort i den beste meining. Men slike engasjement har ei alvorleg bakside. Ved å halde oppe små rettskrinsar hindrar ein utvikling av fagleg sterke domstolsmiljø i distrikta. Ettersom domstolseiningane i meir folkerike delar av landet vert større og fagleg sterkare, vil forskjellane mellom desse og distriktsdomstolane bli enda større over tid både på kapasitet og kompetanse. Sogn og Fjordane tingrett har vore ein utviklingsorientert domstol som har deltatt aktivt i DA-initierte utviklingstiltak, medrekna deltaking i digitaliseringsprosjektet Digitale Domstolar. Dette hadde ikkje vore mogleg med særleg mindre fagressursar enn det vi rår over i dag.

Vi trur og at tettare samhandling, gjerne samanslåing, mellom jordskifterettane og tingrettane er viktig i distrikta med sikte på breiare og sterkare fagmiljø. Vi må vidareutvikle modellar med «distribusjon» av jordskifterettens tenester med bemanna rettsstader der det er behov for det. Ein tingrett med fleire rettsstader gir eit godt grunnlag for å halde oppe bemanna rettsstadar for jordskifterettane samlokalisert på desse rettsstadene. Kombinasjonen av bemanna «jordskiftekontor», der også sjølvprosederande «kundar» kan få hjelp, og ubemanna rettsstader for tingrettane der det ikkje er tilstrekkeleg arbeidsgrunnlag for bemanning, gir ei optimal og kostnadseffektiv tilpassing til behovet for fagleg sterke domstolar og distribusjon.

Vårt håp er at politikarane innser dette og legg opp til større rettskrinsar også i distrikta. Større rettskrinsar må kombinerast med bemanna og ubemanna rettsstadar der avstandane blir store.

Vi har no håp om at politikarane legg arbeid i å sikre nok ressursar til drift av bemanna og ubemanna rettsstadar framfor å halde oppe ein forelda rettskrinsstruktur, som er til hinder for å utvikle gode, framtidsretta og sterke domstolar også i distrikta.