Høgsterett har slått fast at også ansvarleg søkar kan verte skadebotansvarleg for brot på offentlegrettslege plikter etter plan- og bygningslova. Det er også avklart at det ikkje gjeld eit eige "Bori-ansvar": Spørsmålet om skadebot skal vurderast etter alminnelege skadebotreglar.

Rett24 omtalte dommen her

Høgsterett avsa nyleg ei avgjerd (HR-2020-312) om skadebotansvar for tap tredjemann har lide grunna brot på offentlegrettslege plikter som ansvarleg søkar har etter plan- og bygningslova § 23-4. I denne saka hadde ikkje ansvarleg søkar, som var eit arkitektfirma, sørga for at dei føretaka som har rollene som ansvarleg prosjekterande, utførande og kontrollerande er godkjende av offentleg mynde. Høgsterett kom samrøystes til at dette pliktbrotet medførte skadebotansvar overfor kjøparane av dei mangelfulle bustadane.

Dommen føyer seg inn i rekka av det som har vorte kalla "Bori-dommane", HR-2015-537 ("Bori I") og HR-2017-1834 ("Bori II"). I desse sakene har Høgsterett avklart at brot på offentlegrettslege plikter som den ansvarleg utførande og ansvarleg kontrollerande har etter plan- og bygningslova §§ 23-6 og 23-7, kan gje grunnlag for skadebot overfor tredjemann. Høgsterett bygde delar av vurderingane på ei brei avveging «hvor tapssituasjonen, karakteren av pliktbruddet og de interesser som beskyttes og håndhevingssynspunktet vil inngå» (sjå avsnitt 26 i Bori I). Dette har gjort at somme har talt om eit eige "Bori-ansvar", avvikande frå alminnelege skadebotrettslege prinsipp.

Nærare om HR-2020-312

Det har vore knytt spenning til om Høgsterett vil strekke skadebotansvaret til også å gjelde brot på plikter som kviler på ansvarleg søkar. Denne rolla skil seg nemleg frå rollene som ansvarleg utførande og kontrollerande. Ansvarleg søkar skal mellom anna sjå til at alle oppgåver er belagt med ansvarsrettar. Den som er ansvarleg søkar har ikkje noko med sjølve byggetiltaka å gjere, og vil dermed heller ikkje vere direkte årsak til at bygget vert mangelfullt. Ved å sikre at det er rette personar med rett kompetanse som er involverte i byggetiltaket, kan han likevel minske faren for at noko går gale.

I den nye dommen frå Høgsterett er det no slått fast at også ansvarleg søkar kan vere skadebotansvarleg for tredjemann sitt tap. Saka gjaldt fire nyoppførte bustadar i Trondheim som viste seg å vere mangelfulle etter at bustadkjøparane overtok. Det viste seg at ansvarleg søkar ikkje hadde overheldt pliktene sine som ansvarleg søkar og at fleire sentrale prosjekteringsoppgåver ikkje var belagde med ansvarsrett. Kommunen gav dermed mellombels bruksløyve og ferdigattest på feil grunnlag. På denne bakgrunnen retta bustadkjøparane skadebotkrav overfor ansvarleg søkar for manglane på bustadane.

Høgsterett nemner innleiingsvis at ansvarleg søkar ikkje hadde bestride verken tapet eller at dette stod i årsakssamanheng med dei påstått ansvarsutløysande forholda. Spørsmålet for Høgsterett var berre om det låg føre ansvarsgrunnlag og om tapet til kjøparane var verna skadebotrettsleg.

Høgsterett startar med å klare opp i nokre skadebotrettslege utgangspunkt etter dei føregåande Bori-dommane. Fyrstvoterande uttaler at Bori I-dommen er eit utslag av informasjonsansvaret og ser ut til å meine at dommen ikkje er noko avvik frå alminnelege skadebotrettslege prinsipp. Høgsterett avviser uttrykkeleg at det er grunnlag for eit eige "Bori-ansvar", slik somme har hevda. Dei alminnelege skadebotvilkåra må dermed vere oppfylte også når det er tale om brot på offentlegrettslege plikter etter plan- og bygningslova, og Høgsterett presiserer at det ikkje gjeld noko eige eller skjerpa skuldkrav.

Høgsterett går så over til å vurdere spørsmålet om vilkåret om ansvarsgrunnlag for ansvarleg søkar er oppfylt. Fyrstvoterande uttaler at det er ei sentral oppgåve for ansvarleg søkar å sørge for at alle oppgåver er belagt med ansvar, og presiserer samstundes at ansvaret til ansvarleg søkar ikkje omfattar innhaldet i og utføringa av oppgåvene til dei andre ansvarlege (sjå avsnitt 63).

Høgsterett uttaler vidare at det at den ansvarlege søkaren ikkje hadde belagt alle oppgåver med ansvar, førte til at kommunen gav mellombels bruksløyve og ferdigattest på uriktig grunnlag (sjå avsnitt 65). Utan nærare grunngjeving, slår Høgsterett fast at dette har forårsaka dei manglane som oppstod og dermed det tap som bustadkjøparane hadde lide.

Vidare meiner Høgsterett at det ikkje er grunn til å sjå ansvarleg søkar som meir underordna enn til dømes ansvarleg kontrollerande. Føresegnene i plan- og bygningslova om ansvar i byggesaker "skal samlet sikre kvaliteten på byggeprosjektet" (sjå avsnitt 67) og dersom søkar ikkje sikrar at rollene som ansvarleg prosjekterande, utførande og kontrollerande er ivaretekne så "svikter sikkerhetsnettet på et avgjørende punkt."

Høgsterett konkluderer etter dette med at det var aktlaust av ansvarleg søkar ikkje å belegge oppgåvene som prosjekterande med ansvarsrett. Dermed var vilkåret om ansvarsgrunnlag oppfylt (avsnitt 70).

Høgsterett vurderer deretter om skadebotansvaret likevel skal avgrensast – nærare bestemt om tapet kjøparane hadde lide, hadde skadebotrettsleg vern.

Fyrstvoterande framhevar at plan- og bygningslova er meint å verne om også private interesser, og vurderer deretter nokre av dei momenta som har vore oppe i dei føregåande "Bori"-dommane. Høgsterett legg mellom anna vekt på at det var tale om fyrstegangskjøparar av nybygde bustadar som hadde nær tilknyting til byggeprosessen, likt med saksforholdet i Bori I-dommen. Vidare legg Høgsterett vekt på at forbrukarkjøparar av prosjekterte (uferdige) bustadar har ein "særlig sterk forventning om at kvalitetskravene i lov og forskrift er oppfylt, og at ferdigattesten gir et riktig bilde av kvaliteten."

Høgsterett slår vidare fast at grov aktløyse ikkje er noko krav for å statuere skadebotansvar, men at jo meir graverande pliktbrotet er, desto meir nærliggande er det å statuere ansvar. I dette høvet hadde ansvarleg søkar brote klare føresegner, som var heilt sentrale for å sikre kvaliteten på bustadane. Høgsterett peikar avslutningsvis på at ansvarleg søkar, som hadde ansvarsforsikring, var nærare til å bere tapet.

Konklusjonen til Høgsterett var at interessene til bustadkjøparane hadde skadebotrettsleg vern og at alle vilkår for skadebotansvar var oppfylte.

Nokre refleksjonar

Høgsterett har altså klarlagt at også ansvarleg søkar kan verte skadebotansvarleg overfor tap tredjemann har lide. Det er vidare avklart at dette ikkje er basert på eit eige "Bori-ansvar": Dei alminnelege vilkåra for skadebot må på vanleg vis vere oppfylte.

Det som etter vårt syn er særleg interessant ved dommen, er at Høgsterett legg til grunn at ansvarleg søkar ikkje er ansvarleg for innhaldet i og utføringa av dei ulike oppgåvene i byggeprosjektet – dette ansvaret ligg til ansvarleg prosjekterande, utførande og kontrollerande. Samstundes kan ansvarleg søkar altså verte skadebotansvarleg for fysiske feil og manglar som kjem av mangelfull utføring gjort av desse andre aktørane. Her er det viktig å merke seg at Høgsterett ikkje har hatt oppmoding til å ta stilling til spørsmålet om vilkåret om årsakssamanheng var oppfylt i saka – dette var nemleg ikkje omtvista mellom partane.

Etter vårt syn kan neppe eitkvart brot på pliktene til ansvarleg søkande medføre skadebotansvar for tredjemann sitt tap. I tillegg til å vurdere alle andre skadebotrettslege vilkår, meiner vi at ein i kvart enkelt høve må påvise at det er årsakssamanheng mellom ansvarleg søkar sine unnlatingar og tredjemann sitt tap. Høgsterett har ikkje vore inne på dette spørsmålet og har ikkje avklart kvar dei nærare grensene skal gå. Det er difor grunn til å oppmode alle ansvarlege søkarar om å trå varsamt framover og sørge for at alle opplysningar som går til dei kommunale mynda er korrekte. Dersom ansvarleg søkar bryt pliktene sine, risikerer han etter denne dommen eit nokså vidtrekkande ansvar.