Vi kan alle like å sjå ein god kamp, der laget med dei beste fintene vinn. Set utanfrå er likevel kampane mellom inntekts- og utbyggingsdepartementa mot Klima- og miljødepartementet eit trist skode. Det er på tide at regjeringa, som kampstyrar og dommar på arenaen, sikrar «fair play». 

Det er ikkje utan betydning korleis vi går fram i saker der utbyggingsinteresser står mot miljø og natur. Det er ikkje i slike prosessar, som i matematikk, at «faktorenes orden er likegyldig». Kva avgjerder som kjem først i prosessen fram mot større utbyggingsvedtak, får stor innverknad på kva handlingsalternativ forvaltinga har i etterfølgjande vedtak. Nyheita frå i dag, der Regjeringa tillét ny E6 gjennom Lågendeltaet naturreservat, er nok eit døme på dette.

Dispensasjon

Regjeringa overprøver med si avgjerd miljødirektoratet sitt vedtak frå desember i fjor, i klagesak om framføring av ny E6 på bru gjennom Lågendeltaet naturreservat. Direktoratet avslo å gje dispensasjon frå verneforskrifta etter naturmangfaldlova. Vurderingstemaet for dispensasjon frå verneformål er om «vesentlige samfunnsinteresser» gjer dispensasjon «nødvendig», jf. § 48 første ledd tredje alternativ. I Sørdalen-saka (LB-2014-40408) gav Klima- og miljødepartementet dispensasjon til framføring av ei kraftline gjennom Sørdalen naturreservat, medan lagmannsretten kom til at dispensasjonsvedtaket var ugyldig ettersom tiltaket ikkje var «nødvendig» etter naturmangfaldlova. Lagmannsretten kom etter ei samla vurdering til at domstolane kan prøve den konkrete vurderinga av om «vesentlige samfunnsinteresser» gjer dispensasjon «nødvendig».

Ser vi på prosessen for ny E6, vart søknad om dispensasjon frå verneforskrifta for Lågendeltaet naturreservat sendt inn etter at prosessen etter plan- og bygningslova hadde gått over fleire år. I planprosessen hadde antal alternativ for traseval for ny E6 etter kvart blitt redusert ut frå omsynet til andre interesser enn naturreservatet, slik det går fram av miljødirektoratet sitt vedtak. Miljødirektoratet diskuterer deretter kva som er krava til organisering i slike saker, m.a. under tilvising til Sørdalen-saka:

«Naturmangfoldloven § 48 oppstiller ikke noe krav om at søknad etter ulike regelverk skal skje parallelt, men bestemmer at vedtak skal først fattes etter verneforskriften, dersom tiltakshaver velger å søke parallelt. I Sørdalen-saken (LB-2014-40408) viste lagmannsretten imidlertid til lovens forarbeider, hvor departementet har forutsatt at det som utgangspunkt skal kreves at det foreligger dispensasjon etter verneforskriften før det gis tillatelse etter annet lovverk. Ved større veiprosjekter som dette, hvor flere alternativer tas ut gjennom planprosessen, er derfor handlingsrommet og muligheten for å ivareta hensynet til verneområdet begrenset når dispensasjonssøknaden fremmes så sent i prosessen [mi utheving]».

Miljødirektoratet meiner framgangsmåten er «svært uheldig», og medfører ubalanse i korleis ulike interesser faktisk kan vernast i prosessen. Det vert vist til at organet som skal ta stilling til dispensasjonssøknaden, vil «være låst til kun å vurdere de alternativene som gjenstår etter avveining mot andre interesser enn verneinteressene», og direktoratet meiner dette ikkje er i tråd med føresetnadane i førearbeida til lova, om at «hensynet til verneområdet skal veie tungt, og at bestemmelsen i § 48 kun skal være en sikkerhetsventil».

Nødvendig

Krav til å halde oppe og vurdere alternativ i sakshandsamingsprosessar er eit viktig miljøprinsipp som gjev forvaltinga rom for å vurdere løysingar som samla sett er best for samfunnet, herunder miljøet. Kritikken frå direktoratet går altså på at alternativt traseval vert vurdert og gradvis sjalta ut åleine under omsyn til andre vurderingstema enn verneformålet. Når så dispensasjon skal vurderast til slutt i prosessen, vil vurderinga av om det ligg føre «vesentlige samfunnsinteresser» som gjer dispensasjon «nødvendig» skje med kniven på strupen.   

I saker der stat eller kommune har felles interesser med utbyggar i å få til utbygging, anten fordi det er viktig infrastruktur eller inntektsgjevande næringar, er det eit symbiotisk forhold mellom desse aktørane, der det som i naturen oppstår eit tett samliv som kjem alle partar til gode (mutualisme). Dynamikken i utbyggingsprosessar i symbiotiske forhold kan bli svært uheldig. Nærings- og infrastrukturforvaltinga, saman med kommune og stat, går i tospann med utbyggar. Tredjepartsinteresser, som klima og miljø, vert lett overkøyrt. Dynamikken vert annleis i saker der utbyggar ikkje har offentleg godvilje i ryggen, og der stat og kommune i større grad har eigeninteresse i å gi plass til, og skyve føre seg, klima- og miljøstyresmaktene.

Ansvaret for å sikre godt koordinerte prosessar som sikrar «fair play» ligg hos regjeringa. God samhandling mellom inntekts- og utbyggingsdepartementa og Klima- og miljødepartementet må sikrast. Hukommelsen til forvaltinga er kort, og mannskap vert skifta ut, så fair play må også sikrast gjennom tydlege lovreglar med ufråvikelege minstekrav. Det står ein ryddejobb for døra, med mindre ein er godt nøgd med situasjonen som han er.