Det er no eitt år sidan EU byrja å rulle ut sanksjonspakkane mot Russland og Belarus i samband med den den folkerettstridige og grufulle invasjonen av Ukraina. Noreg har sidan då, med noko forseinking, innført sanksjonspakkane frå EU, med enkelte justeringar.

Ei rekkje avgjerder i rettsystemet har vore knytt til russiske statsborgarar som har nytta droner på fastlandet eller på Svalbard. Avgjerdene har leia til eit fokus på legalitetsprinsippet og klårleikskrav.

Temaet har stor tyding for langt fleire enn russiske statsborgarar som flyg droner i Noreg, særleg det norske næringslivet, som nok både før og etter februar 2022 hatt ei større eksponering mot Russland enn mange har vore klår over. Trongen for rådgjeving og svar har vore stor det siste året, som og vert illustrert av at Utanriksdepartementet nyttar omlag åtte årsverk berre på oppfølging og implementering av etterleving av sanksjonsreglane.

Mangel på avgrensingar

Under straffetrugsmål om tre år eller seks månadar i fengsel og/eller bøter for forsettelege sanksjonsbrot, og seks månadar fengsel og/eller bøter for aktlause overtredingar, har det norske regelverket skylt innover store og små verksemder. Det er òg straffbart å delta i aktivtetar som har som føremål eller verknad å omgå regelverket, og straffelova sin generelle medverknadsregel kjem og til bruk.

Det er over 1500 personar og selskap som er listeførte, og eksport og import-restriksjonane er omfattande. I tillegg kan andre nasjonars sanksjonsregelverk kome inn i bilete. Det er no heilt naudsynt å vite kven ein kjøper frå og leverer til, kven som eig eller kontrollerer kontraktsmotparten og kven som er sluttbrukar

Svært mange sivile varer, tenester og teknologiar er forbodne å direkte eller indirekte selge, levere, overføre eller eksportere til «fysiske eller juridiske personer i Russland eller til bruk i Russland.» For å ytterlegare komplisere bilete, er det også forbode å yte formidlingstenestar, finansiering, finansiell eller fagleg bistand til dei oppførte varene, tenestane eller teknologien.

Mangelen på klåre avgrensingar i sanksjonsregelverket sitt verkeområde skapar saman med dei hyppige endringane i regelverket lite rettsvisse. Dette er alvorleg i lys av verknadane brot på sanksjonsregelverket kan få.

Mange spørsmål

Eit døme som kan illustrere korleis dette slår ut i praksis, er sanksjonsforskrifta § 16a som under vedlegg IX inneheld oppføringa «Vessels (surface or underwater), including inflatable boats, and specially designed components therefor.» Eit av mange spørsmål som oppstår er om oljefrakta som har vore lov inntil nyleg, frakt av gjødsel, og anna som ikkje er omfatta av sanksjonane, vert ramma.

Her er det rett nok ei viss rettleiing i at listeføringa av fartøy ikkje kontrollerer «vessels on temporary sojourn, used for private transport or for the transport of passengers or goods from or through the customs territory of the Union». Men etter ei streng ordlydstolking kan ein spørje seg om frakt til og frå Noreg i det heile er omfatta av «customs territory of the Union»? Ein finn heller ikkje ei nærmare analyse av omgrepet «temporary sojourn» i EU-regelverket eller i rettleiinga til sanksjonane.

Ei viss rettesnor kan ein kanskje finne i amerikanske eksportreglar, men desse er ikkje akkurat enkelt tilgjengelege. I ei slik vurdering kan ein til dømes spørje seg om eit stykkgodstransport eller eit reisecerteparti til eit russisk selskap er lov, medan eit tidscerteparti for ei fast fraktrute mellom Russland og EU/Noreg er forbode? Kva om fraktaren er minoritets- eller majoritetseigd av russiske statsborgarar eller russiske selskap?

Russisk majoritetseigarskap

Slike spørsmål lyt næringslivet navigere i dagleg, og om ein trør ein feil kan det og få tyding for både banken og forsikringsselskapa som er involverte, då eksport og importforboda inneheld tilhøyrande forbod mot finansiering og forsikring.

Ein annan usikkerheitsfaktor er korleis norske myndigheiter vil tolke regelverket. Eit kjent døme frå praksis er korleis Utanriksdepartementet har tolka «fysiske eller juridiske personer i Russland eller til bruk i Russland» til å omfamna selskap som har russisk majoritetseigarskap. Det er vanskeleg å lese ordlyden slik, og det er ikkje nødvendvigvis i tråd med systematikken i sanksjonsregelverket elles, kor forbod som gjeld russisk majoritetseigarskap (over 50%) har blitt eksplsitt regulert.

Enkelte aktivitetar kunne kanskje blitt subsumerte under ordlyden «indirekte», eller reist problemstillingar om omgåing, men dette illustrerer uansett usikkerheita næringslivet står i.

Så korleis skal ein halde seg til dette?

Styr unna tolkingstvil

Ein ting er kva som er ei riktig tilnærming med tanke på etterleving, eller compliance. Ein organisasjon må ha retningslinjer for å syte føre at ein ikkje balanserer på linja og uunngåeleg trør over. Her gjeld det å tolke forboda vidt, og unntaka så snevert som mogeleg, og med det legge inn ein god tryggingsmargin.

Men, på den andre sida kan ein vere eksponert for skadebot som følgje av brot på avtalerettslege plikter om ein ikkje oppfyller inngåtte kontraktar. Det kan få store store økonomiske konsekvensar. Om ein skal vere beskytta mot krav for avtalebrot som følgje av sanksjonar, lyt avtalen faktisk ha vore påvirka av sanksjonsregelverket, jamfør regelen i sanksjonsforskrifta § 20a.

Eit anna spørsmål er korleis PST vil tolke og handheve regelverket i si etterforsking og påtale. Her kjem strafferetten sine krav til heimel og klårleik inn. Og det er ikkje gjeve at same tolkingstilnærminga som ein nyttar for å styre risiko kan leggjast til grunn i ei straffesak.

Den rette tilnærminga vert nok kanskje uansett så langt det går styre klår av risiko for å i det heile nærme seg situasjonar kor det er rom for tolkingstvil i sanksjonsregelverket. For dei selskapa som ikkje har det valet, og vert drege inn i transaksjonar indirekte, eller er uheldige og trakkar feil oppi alt mylderet, vert det likevel heilt avgjerande at domstolar og påtalemakt nyttar eit godt skjøn, prioriterer alvorlege saker og omgåing, og elles ivaretek rettstatlege verdiar som klårleikskrav og legalitetsprinsipp.