I går debatterte Stortinget regjeringas reviderte framlegg til domstolsstruktur. Konkret handla det om endringar i domstollova, som gir regjeringa kompetanse til å bestemme rettskrinsar, rettsstadar og saksfordeling mellom rettsstadar. Om dette vil føre til nedlegging av domstolar eller ikkje, stridast dei folkevalde om.

Det er ikkje uvanleg i kontroversielle saker at det vert sett fram prosessuelle innvendingar i siste liten i håp om å stoppe eller utsetje saka. Det skjedde også denne gongen. Fleire stortingsrepresentantar frå opposisjonspartia viste til at det reviderte forslaget til regjeringa ikkje var tilstrekkeleg greia ut. Eit av spørsmåla som skulle trenge meir utgreiing, var tilhøvet til Grunnlova. Fleire representantar viste til eit brev sendt til presidentskapet på Stortinget og til justiskomiteen, der sorenskrivarar og dommarar i fem tingrettar og tre jordskifterettar hevda at lovendringa er i strid med Grunnlova. Konkret hevda dommarane at konstitusjonell sedvanerett krev at Stortinget og ikkje regjeringa vedtek endringar i domstolsstrukturen:

«Siden det er konstitusjonell sedvanerett for at Stortinget vedtar endringer i domstolstruktur, lurer vi også på hva konsekvensen blir om Stortinget stemmer ned forslaget fra flertallet i Justiskomiteen, og stemmer for mindretallets fire forslag.»

Det same argumentet vart sett fram i høyringssvaret til Ofoten tingrett og i innlegg på Rett24.

På Stortinget førte påstanden om mogleg grunnlovbrot til prosessuelle forviklingar. Kunne Stortinget vedta ei lovføresegn med eit innhald som var i strid med konstitusjonell sedvanerett? Om dette skulle føre til utsetjing av saka, skal det visstnok ha vore usemje om i presidentskapet på Stortinget. Frå Arbeiderpartiet vart det argumentert kraftfullt for at Stortinget måtte utsetje saka for å undersøke dommaranes påstandar om grunnlovbrot. Det er naturlegvis heilt rett at tilhøvet til Grunnlova og andre relevante omstende bør vere greia ut før Stortinget gjer lovvedtak.

Problemet er berre at påstanden om konstitusjonell sedvanerett er grunnlaus og heller ikkje grunngitt av dei nemnte dommarane.

Det er svært alvorleg å hevde at ein praksis på Stortinget ikkje berre er ein praksis, men også ein rettsregel med grunnlovs rang. Grunnen til det er at rettsreglar med grunnlovs rang set grenser for handlingsrommet til Stortinget, og med det også demokratiet. Difor krev Grunnlova at slike rettsreglar skal vedtakast av Stortinget med to tredjedels fleirtal etter eit mellomliggjande stortingsval. Av den denne grunnen må vilkåra for å supplere eller avvike frå Grunnlova gjennom konstitusjonell sedvanerett vere svært strenge.

Påstandar om konstitusjonell sedvanerett må difor følgjast opp med grundig bevisføring for kor langvarig praksisen er, om den er konsekvent eller om det finst unnatak, og ikkje minst om praksisen er følgd i trua om at den er uttrykk for ein rettsregel med grunnlovs rang. I stortingsdebatten etterlyste Peter Christian Frølich frå Høgre slik grunngiving frå opposisjonen, men fekk ikkje svar. Vi finn heller ikkje noko grunngiving for påstanden om konstitusjonell sedvanerett i brevet til dommarane.

Slike ugrunna påstandar tekne ut frå lause lufta bør ikkje Stortinget ta seriøst. I motsett fall vil det bli vanskeleg å gjere vedtak på Stortinget om alt som skal til for å stoppe vedtaket, er ein laus og ugrunna påstand om at vedtaket kanskje er i strid med Grunnlova. Det er oppskrifta på polsk riksdag.

Debatten om domstolsstrukturen er neppe over med endringa av domstolslova. Signala frå opposisjonspartia tyder på at strukturreforma kan bli omgjort dersom det blir regjeringsskifte etter stortingsvalet i 2021. Det har dei naturlegvis full rett til å gjere. Men då helst på grunnlag av politiske og reelle argument. Stortinget klarer seg fint utan konstitusjonelle prokuratortriks frå medlemmer av den tredje statsmakta.