I fleire nyare høgsterettsavgjerder får ein ikkje vite kven som har skrive avgjerda. Det skuldast truleg auka bruk av skriftleg sakshandsaming som følgje av koronasituasjonen. Men det er ikkje uproblematisk at det personlege ansvaret som følgjer med høgsterettsdommarrolla i Norge vert tona ned.

Vi skal ikkje halde nokon på pinebenken, og kan røpe at det nok var høgsterettsdommar Borgar Høgetveit Berg som førte Apple-saka om varemerkekrenking i pennen. Men den einaste grunnen til at ein kan vite det, er at det blant dommarane i saka bare er Høgetveit Berg som skriv på nynorsk. I ein dom frå 3. april derimot, der Høgsterett avklara straffenivået for valdtekt under skjerpande omstende, veit ein ikkje kven som har utforma premissa. I begge sakene får ein nemleg bare presentert «Høyesteretts syn» og ikkje, slik ein brukar å gjere, fyrstevoterande sitt syn på saka.

Det same er tilfelle i seks andre avgjerder frå 2020, noko som vil seie 25 prosent av alle sakene Høgsterett har handsama i avdeling så langt i år.

Vi skal koma tilbake til kvifor det ikkje er uproblematisk at dommarane som har skrive desse avgjerdene ikkje er namngjevne. Men bakgrunnen for at ein ser dette i fleire ferske saker, er at dei er handsama skriftleg. Medan hovudregelen er at Høgsterett i avdeling handsamar saker munnleg, har domstolen som følgje av koronasituasjonen fått ekstraordinær heimel til å handsame straffesakar skriftleg, og dei har òg tatt i bruk den elles meir eller mindre ubrukte heimelen i tvisteloven § 30-10 fjerde ledd i ein del saker. Når ei sak vert handsama skriftleg, vert også reglane for korleis den skal avseiast og utformast annleis. I munnlege saker blir nemlig høgsterettsavgjerder grunngjeve ved dommaranes stemmegiving, jf. tvisteloven 19-6 sjette ledd. Det same gjeld etter straffeprosessloven § 32.

Dette er altså den tekniske bakgrunnen. Men så vidt vi kan sjå, stenger ikkje regelverket for at Høgsterett kan utforme avgjerdene sine på vanleg måte. Og då er spørsmålet om ein ikkje bør gjere det?

Vi har ein lang tradisjon i Noreg for personlege vota som går fram av premissa. Då Høgsterett avsa si første sak for snart 205 år sidan – 30. juni 1815 – gav kvar dommar sitt eige votum. På dette tidspunktet var Høgsterett sine vota hemmelege, men fordi domstolen frå fyrste stund stilte seg noko fritt i høve til lovgjevar, innførte ein i 1863 ordninga med at vota skulle vera offentlege. Slik skulle det personlege ansvaret som høgsterettsdommar vere både tydeleg og tyngjande.

I dag er dette personlege ansvaret enno viktigare. Norsk høgsterett er den høgsterett i Europa som har vidast kompetanse når det gjeld omfanget av rettsområde der domstolen kan utøva ein omfattande prøvingsrett. Høgsterett er saman med engelsk høgsterett òg ein domstol med omfattande høve til driva med rettsutviklinga. Det finst fleire mektige domstolar i Europa, som til dømes den tyske konstitusjonsdomstolen. Men den unike blandinga av rett til å både prøva forvaltningsvedtak og lov, og til å utvikla retten på alle rettsområde, gjer at norsk høgsterett kan seiast å vera den mektigaste øvste domstolen i Europa.

Ein kan meina at dette er ei god eller dårleg ordning. Men den er ikkje problematisk i seg sjølv. Ein mektig høgsterett er ein del av vår statsordning, prøvingsretten er no grunnlovsfesta, og Høgsterett som rettsutviklande organ må seiast å ha eit stilleteiande politisk samtykkje. Det er òg i stor grad i tråd med den sentrale rolla domstolar har spela i norsk rettshistorie.

Det er ikkje normalt i Europa at høgsterettsdommarar sine vota er kjent. I staden avseier ein kollektivt dommar i domstolen, staten eller folket sitt namn. Difor inneheld heller ikkje høgsterettsdommar normalt dissenterande vota – mogeleg usemje skal bare vera kjent mellom dommarane i saka for å gje dommen mest mogeleg tyngde og autoritet.

Så har europeiske høgsterettar normalt heller ikkje den omfattande prøvingsrett og rettsutviklingshøve som norsk høgsterett. Prøving av forvaltningsvedtak er overlatt til eigne forvaltningsdomstolar med kompetanse til å gjera om forvaltningsvedtak. Prøving av lov mot grunnlov skjer vanlegvis av konstitusjonsdomstolar. Og prejudikat har i beste fall normalt bare ein rettleiande funksjon, og er i ein del tilfelle ikkje ei offisielt godkjent rettskjelde.

For Høgsterett si del er det difor svært gode grunner til at prinsippet om personlege vota vert oppretthalde. No er det rett nok ikkje verre enn at ein kan lesa ut av samansetjinga av avdelinga kven som står bak «Høyesteretts syn», og dissensar vert publisert uansett. Likevel vil det å visa til ei gruppe av fem dommarar, og det at mindretalsdommarar ikkje sjølv formulerer dissensen, bidra til å redusera det personlege dommaransvaret som er ein del av vår rettstradisjon.

Så kan ein innvende at koronasituasjonen bare er mellombels. Det er rett nok, men det kan kome viktige prejudikat i skriftlege saker før den rettslege kvardagen kjem tilbake. Dessutan gjeld tre av dei namnlause sakene frå i år inhabilitet, og her har Høgsterett tilsynelatande endra sakshandsamingspraksis dei seinare åra: medan ein bare for nokre år sidan hadde personlege vota i desse sakane, vert dei nå publiserte som «Høyesteretts syn». (Samanlikn til dømes HR-2016-2311-P og HR-2019-2191-A). Å avgjere grensene for høgsterettsdommarane sin inhabilitet, å fastlegge straffenivået for alvorleg valdtekt og å ta stilling til når eit varemerke er krenka, er å utøva rettsleg makt. Og med makt skal det følgje ansvar.

Høgsterett bør difor gå tilbake til sitt eige varemerke: personlege vota. Om domstolen meiner at prosessreglane er til hinder for det i skriftlege saker, bør lovgjevar kome på banen. Så kan neste steg vere å vurdera om òg grunngjevne orskurdar frå ankeutvalet bør vere personlege.