Koronakrisa har utløyst ny og nødvendig lovgjeving frå koronalova til hytteforskrifta. Dei to lovvedtaka er svært ulike i innhald og karakter. Samstundes er dei begge knytt til ei rettsleggjering som alt har prega samfunnet i mange tiår. Eit sentralt trekk ved rettsleggjeringa er ei forventning om at politisk handling skal munna ut i lovvedtak. Problemet er at menga lovvedtak gjer politisk handling meir og meir vanskeleg. Dette kjem på spissen i ei krisetid som vår eiga.

Hytteforskrifta er eit lovvedtak om ei sneveret spørsmålsstilling som brått og uventa vart ei sak i media, og som ein politisk responderte på for å visa handlekraft. Den føyer seg inn i rekka av over 10 000 andre forskrifter, som saman med om lag 700 einskildlover utgjer den samla norsk lovmaterien. Problemet er at når forvaltninga skal respondera raskt og resolutt på koronakrisa, så støyter den fort bort mange av desse lovvedtaka. Slik truar den samla lovmaterien med å gjera forvaltninga handlingslamma.

Rettsleggjering er eit resultat av ei historisk utvikling som går langt tilbake i tid, men som skaut fart med Berlinmurens fall i 1989. Med den fall òg delvis religion som samfunnsverdisystem, og ikkje minst dei politiske ideologiane som hadde halde ein klam hand over verda etter andre verdskrigen. Med i dragsuget gjekk òg moral som samfunnsregulerande faktor. Litt enkelt sagt kan ein seia at frå no av vart rett og galt vart eit spørsmål om lov og lovbrot sanksjonert med straff.

Bortfallet av moral som samfunnsregulerande faktor var i mange relasjonar ei lette. For samstundes fall skamma bort. Skam er reaksjonen på brot på moralske normer. Som alle reaksjonar på normbort, er skam ubehageleg. Bortfallet av skam kjendes difor som ei lette. Men ein treng ubehaget for å styra handling når ein ikkje frivillig oppfyller moralske plikter. Når tusenvis reiste heim frå hyttene etter mediaoppslag om korleis hytteopphald var problematisk i desse koronatider, var det fordi dei følte ei moralsk plikt til å gjera det. Nokre reiste heim av den moralske pliktkjensla åleine, nokre reiste fordi dei følte skam ved å bli.

Baksida av medaljen er at utan samfunnsmoral som supplerande reguleringsfaktor, må det koma ein stor vekst i lovmaterialet. For åtferd må styrast gjennom straff når ein ikkje frivillig oppfyller moralske plikter, eller gjer det tvungen av skamkjensla. Difor valte regjeringa å gje ei hytteforskrift når ikkje alle reiste heim frå hytta trass politiske oppfordringar og mediaoppslag.

Fordelen med lov framfor samfunnsmoral, og straff framfor moralsk pliktkjensle og skam, er at dei er allmenne og ikkje individuelle. Det er langt vanskelegare å argumentera seg bort frå lov og straff som reaksjon ovanfor myndigheitene, enn det er å overtyda seg sjølv om at særlege omstende gjer at ein ikkje treng følgja moralske plikter. Det er dette som er årsaka til at sjølv om meir enn to tredjedelar av alle hytteturistane i Hallingdal reiste heim etter politiske oppfordringar og mediaoppslag, reiste resten av hyttehallingane fyrst heim når hytteforskrifta kom.

Ulempa med straff, er at den bare er verksam om det finst ein oppdagingsrisiko og faktisk sanksjonering. Det vil seia at hytteforskrifta bare er verksam i den grad hyttefok kan oppdagast og ileggjast straff. Oppdagingsrisiko og straffesanksjonering fordrar eit forvaltningsapparat, som igjen tappar eksisterande forvaltninga for ressursar. Så sjølv om moral og skam er mindre effektivt enn lov og straff, er det heller kostnadsfritt.

Moral, moralsk pliktkjensle og skam som samfunnsregulerande faktor kan òg føra til ulikskap og urettvise. Det var ikkje rettvist at dei med ei sterk moralkjensle reiste heim frå hytta si, og dei utan bare vart verande. Samfunnsmedlemmane vert i utgangspunktet størt grad handsama likt når framferda deira vert regulert av lov og ikkje av moral. Men fullt så enkelt er det ikkje.

Hytteforskrifta vart ein del av eit samla forskriftskorpus på over 10.000 forskrifter. På grunn av stor mediamerksemd, er hytteforskrifta godt kjent. Men dei fleste forskrifter er ikkje det. Det vert eit problem når ein skal setja seg inn i kva rettar og plikter ein har i ein særleg situasjon. Då kan det vera vanskeleg å finna ut kva som er gjeldande rett både for eit vanleg samfunnsmedlem og ein næringsdrivande. Difor treng ein rettsleg eksperthjelp. Men den er ikkje likt tilgjengeleg for alle. Då er ikkje alle reelt like for lova likevel.

Det store lovmaterialet er eit utslag av politisk vilje. Problemet er at over tid veks lovmaterien seg så stort at det vert vanskeleg å driva politikk. No kan all lov, inkluderte Grunnlova, endrast. Og kvart år vert over 100 einskildlover og mange fleire forskrifter endra. Men lovendring vert stadig meir komplisert, fordi endring i ein regel fordrar endringar i fleire andre reglar. Veksten i lovmaterien gjer dermed ikkje bare innsyn meir og meir vanskeleg, men endring òg.

Difor var koronalov heilt nødvendig. Lovforslaget som regjeringa la fram, og som mange juristar – mellom dei ein av oss – kritiserte, var òg nødvendig. For når regjeringa trengte ei blankofullmakt, var det fordi lovmaterien er for stor til at ein har oversikt over dei mange hindringar i lov og forskrift som finst for ein effektiv politikk i ei krisetid. Samstundes ville ei slik blankofullmakt er eit brot på samfunnsborgarane sin fundamentale krav på vern mot det vilkårlege og mogelege overgrep.

Koronalova som vart vedtatt, var ikkje ei blankofullmakt, men hadde ei rad konkrete avgrensingar. Ei avgrensing var at lova nemner eksplisitt 62 lover det kan vera behov for å gjera rask endring i ved hjelp av forskrift. Dette seier ganske myke om det fengsel av lov ein har laga seg sidan frigjeringa frå moralen.

Rettsleggjering har vore eit rettsteoretisk tema i fleire tiår. Det har òg vore ein politisk ambisjon å redusera mengda av rettsleg materiale fordi ein ser at på eit visst punkt i større grad skapar ulikskap enn likskap, og innskrenkar heller enn utvidar samfunnsmedlemmane sin fridom. Men den rettsteoretiske debatten og dei politiske ambisjonane har ikkje endra på utviklinga.

Den manglande endringa skuldast fleire faktorar. Ei er transnasjonaliseringa av retten. Særleg på grunn av EØS-medlemskapen, er norsk rett ein del av eit stor lovområde som dekker fleire ulike rettskulturar og politiske einingar. Då er lov, og ikkje moral, eit operasjonaliserbart minste felles multiplum. Ein annan er mediadekninga. I til dømes samband med hytteforskrifta, var det ikkje fokusert på alle dei som følgde dei politiske oppfordringane, men på mindretalet som ikkje gjorde det.

Skal ein lukkast med å snu rettsleggjeringa, må ein likevel stola på verknaden av samfunnsmoral, moralsk pliktkjensle og skam heller enn lov og straff. Det er viktig å byrja den prosessen medan Norge framleis er eit tillitssamfunn. Men det er likevel ikkje eit uproblematisk val. Særleg tilhøvet til EØS er komplisert. Men det er òg vanskeleg i høve til den rett som ikkje er påverka av EØS. For moralsk pliktkjensle og hytteskam fekk ikkje alle hyttefolk til å reisa heim. Slik sett var hytteforskrifta meir effektiv. Men hytteforskrifta har ein kostand på fleire nivå som hytteskamma ikkje har. Ikkje minst bidreg den til å opprett halda eit system der politisk handling er likt med lovvedtak, noko som leiar til faren for handlingslamming som gjer lover som koronalova nødvendig.

Rettshistorisk kjem gjerne store rettslege endringar etter ei krisetid. Tida vil visa om koronoakrisa òg vert ei vendepunkt i rettsutviklinga og at ein byrjar å byggja ned mengda lover.