Eg har med interesse lese innlegget frå professor emeritus Geir Ulfstein i Rett24 den 14. desember 2023. Han gir der uttrykk for at det er «mange uholdbare folkerettslige synspunkter å ta fatt i», men at han vil nøye seg med nokre hovudpunkt. Mitt tilsvar blir tilsvarande knapt.

Slik eg ser det, er individ ikkje rettssubjekt til FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar (SP) åleine. Dette viser seg i dei statane som er statspartar til SP, men som ikkje har slutta seg til valfri protokoll nr. 1 (tilleggsprotokollen). Individ har berre rettar etter SP dersom dei er tilknytte ein stat som har slutta seg til tilleggsprotokollen som statspart.

Utan at vedkomande stat er statspart i tilleggsprotokollen har vedkomande individ ingen rettar som vedkomande kan gjere gjeldande etter SP artikkel 27. Etter mitt syn tek Ulfstein derfor feil når han skriv at denne protokollen ikkje gir «grunnlag for substansielle rettigheter, bare den prosessuelle retten til å klage».

For snevert

Viktigare er det likevel at Høgsterett her også ser ut til å ha eit for snevert utgangspunkt for sine vurderingar. Etter mitt syn er både SP og tilleggsprotokollen traktatar, som må følgje reglane for traktattolking. Det spesielle er at Høgsterett viser til fråsegner (viuws) frå FNs menneskerettskomité men ikkje synest å ha fått med seg at det også finst General Comments  (GC) frå den same komitéen. Den som ser på dei svære mengdene som finst av Concluding Observations, vil ikkje kunne kome på tanken at desse skal vere rettleiande for traktattolkinga. Menneskerettskomiteen viser då heller aldri til desse.

Eg deler ikkje Ulfstein sitt syn på at Høgsterett først og fremst byggjer på menneskerettskomitéen sin avgjerder i klagesaker om urfolks rettar. Det som kan seiast om dette er at Høgsterett gjennomfører ei relativt frirettsleg tolking av Poma Poma v. Peru (2009). Det undrar meg at Høgsterett i HR-2017-2428-A Reintallreduksjon I (Sara), som Høgsterett viser til fleire gonger, heller har fått med seg meir av relevant materiale enn i Fosen-dommen, til dømes element av General Comments som ikkje er med i Fosen-saka.

Urfolk

Det undrar meg at at Høgsterett ikkje i noko av sakene har bygd på at GC nr. 23 har eit urfrolksvern, Urfolksvernet er heimla i GC nr. 23 (1994) punkt 3.2 og 7. Det går også til dømes fram av saka om Torres Strait islanders, dom, som til vanleg blir omtala som Billy et al v. Australia (2022), der avsnitt 8.13 startar slik:

«8.13 The Committee recalls that article 27 establishes and recognizes a right which is conferred on individuals belonging to minority indigenous groups and which is distinct from, and additional to, the other rights which all persons are entitled to enjoy under the Covenant.”

Det er nok slik at det ikkje finst nokon eksakt definisjon av kva som er ei gruppe av urfolk. I Australia er skiljet ganske klart. Kven som i dag er urfolk er ikkje så klart i Trøndelag, der det ikkje berre er spørsmål om historiske omstende, men der det kan synest som om reindriftsutøvarane i stor grad har gått inn i den vanlege befolkninga. Eg har tillate meg å seie at spørsmålet burde ha vore vurdert i Fosen-saka. Eg ser ingen grunn til å gå vidare på det akkurat her.

Interessavveging

Det som er meir interessant er spørsmålet om artikkel 27 opnar for ei avveging av interessene til urfolket og storsamfunnet. Her har vi eit døme på at manglande bruk av dei generelle kommentarane frå menneskerettskomitéen har gjort at Høgsterett har kome feil ut.

Av GC nr. 23 artikkel 6.2 går det fram at positive tiltak, som vern av reindrifta i tilfelle vil vere, må respektere artiklane 2.1 og 26 i konvensjonen som set forbod mot diskriminering både når det gjeld forholdet mellom ulike grupper i konvensjonen si meining og i forhold til resten av samfunnet. For at reindrifta vil kunne ha vern her, må den positive forskjellsbehandlinga av reindriftsutøvarane vere bygd på rimelege og objektive kriterium (reasonable and objective criteria). Konsekvensen er at krenking av reineigarane sitt (eventuelle) vern etter artikkel 27, både måtte prøvast opp mot interessene til andre med samisk bakgrunn på Fosen, og – ikkje minst – opp mot interessene til folk i Noreg generelt. Om ei prioritering av reindrifta ikkje er rimeleg (reasonable) vil ei diskriminering til fordel for reindrifta ikkje kunne gjennomførast. Reineigarane har i denne situasjonen, som alle andre, krav på full erstatning etter Grunnlova § 105.

I HR-2017-2428-A Reintallreduksjon I (Sara) drøftar Høgsterett spørsmålet om diskriminering, rett nok utan å få med seg at dette er tale om eit vern berre for urfolk, ikkje for minoriteten.. Med det viktige atterhaldet, meiner eg at votumet i Sara-dommen held ein langt høgare kvalitet enn det storkammerdommen gjer. Førstvoterande var den same i begge sakene.

Eg ser ikkje noko behov for å gå inn i ein diskusjon om FNs menneskerettskomité sine retningslinjer for val av botemiddel. Utfallet vil nemleg vere avhengig av mange føresetnader, som må avklarast før eventuelle botemiddel er aktuelle.