Det er sjeldan Stortinget trekk i naudbremsa før andre gongs lovbehandling. Kravet i Grunnlova § 76 om dobbel lovbehandling med minst tre dagar imellom er ein tryggingsventil som skal gje Stortinget høve til å rette feil og manglar. No har Stortinget høve til å kome bekymringane for misbruksfare og svak parlamentarisk kontroll i møte.

Eg meiner Stortinget kan svare på bekymringane med tre avgrensa tiltak.

Strengare solnedgangsklausul

Det fyrste Stortinget bør gjere er å stramme inn tidsavgrensinga for forskrifter etter lova. Ein kan også vurdere samtykke frå Stortinget ved forlenging. Lovforslaget inneheld ein «solnedgangsklausul» for forskrifter etter lova på seks månader. Det er lang tid utan involvering frå Stortinget for inngripande tiltak overfor private og som grip inn i etablerte private og offentlege reguleringar av arbeidslivet. Også for koronalova i 2020 føreslo regjeringa at forskriftene skulle gjelde i seks månader. Stortinget reduserte virketida til éin månad, med krav om samtykke frå Stortinget ved forlenging. Sjølv i midt i den verste krisa under pandemien, viste det seg at éin månad var tilstrekkeleg til å gje regjeringa rom for krisehandtering. Éin månad er utgangspunktet etter både helseberedskapslova, næringsberedskapslova og beredskapslova. Med andre ord har solnedgangsklausular på éin månad blitt ein slags standard i det norske beredskapsregelverket. Lovproposisjonen inneheld ingen reelle argument for at forskrifter om sivil arbeidskraftberedskap bør stå i ei særstilling.

Presisere inngangsvilkåret

Det andre Stortinget bør gjere, er å presisere situasjonskravet for å utløyse fullmaktsheimlane. Lovteksten kan betre gje uttrykk for det fleirtalet i komitéinnstillinga omtalte som «en særdeles høy terskel». Der lovforslaget viser til at «rikets selvstendighet eller sikkerhet er i fare», viste komitéfleirtalet til at «Rikets selvstendighet og suverenitet må være truet.» Det er ein meiningsfull skilnad.

Skjerme visse yrkesgrupper

Stortinget kan vidare skjerme visse yrkesgrupper og funksjonar som er naudsynte for kontrollen med regjeringa og for rettstryggleiken. Det er tvilsamt om Grunnlova i det heile tillét at regjeringa pålegg dommarar anna arbeid. Det same kan seiast om stortingsrepresentantar og andre som er naudsynte for drifta av Stortinget. Stortinget bør også vurdere unnatak for andre yrkesgrupper som er viktige for kontroll av krisefullmaktene, til dømes forsvarar og journalistar. Sidan lovproposisjonen legg til grunn at arbeidslivsorganisasjonane normalt vil bli konsultert, er det ingenting i vegen for å lovfeste dette som ei normalordning.

Kva med Stortinget?

Dei tre nemnte endringane vil etter mitt syn gje reglane om sivil arbeidskraftberedskap ei forsvarleg demokratisk og rettsstatleg ramme.

Stortinget si rolle kan styrkast ytterlegare ved å avgrense regjeringas kompetanse til å gje og fråvike lover til situasjonar der det er fare ved opphald. I praksis vil eit slikt vilkår bety at regjeringa fyrst må be Stortinget om heimel skreddarsydd for kvar krise. Dette vil likevel bryte med føresetnaden i lovproposisjonen om at det er regjeringa og ikkje Stortinget som skal ha primæransvaret for arbeidskraftberedskap i ein krisesituasjon. Lovgjevingsaktiviteten dei to månadane koronalova var i kraft våren 2020, synte likevel at Stortinget var i stand til å handle raskt i ein krisesituasjon. Samstundes syner erfaringane frå pandemien at lovgjevingsfullmakter for regjeringa også kan virke som ei sovepute for begge partar. Regjeringa nytta lovgjevingsfullmakta i smittevernlova § 7-12 også etter at den akutte krisa var over og Stortinget var operativt.

Prosessuell avgrensing

Dei mest kritiske røystene vil kanskje ønske seg ein større revisjon av lovforslaget. Det kan ikkje Stortinget gjere utan å skrote heile lovforslaget og byrje på nytt. Mellom fyrste og andre gongs lovbehandling kan Stortinget ikkje gjere så omfattande endringar at det er snakk om eit nytt lovforslag. I førearbeida til Grunnlova § 76 heiter det at det ved andre gongs behandling «kan fremmes forslag som var fremmet ved første gangs behandling, og andre forslag som ligger innenfor rammen av lovvedtaket ved første behandling». Kva som er ramma for lovvedtaket ved fyrste gongs behandling er ikkje sett på spissen sidan innføringa av dobbel lovbehandling i 2009. Her er vi på litt ukjent grunn. Etter mitt syn talar omsynet til ein heilskapleg lovprosess for at Stortinget kan plukke opp og tilpasse alternativ som er sett fram i høyringsrunden eller vurdert i lovproposisjonen.

Regjeringa har i lovproposisjonen peikt på at sivil arbeidskraftberedskap er viktig for totalforsvaret i krig og i ei tryggingspolitisk krise. Då er det viktig med reglar som er gjennomtenkte og innramma av garantiar mot misbruk. Alternativet kan fort bli dårleg gjennomtenkt hastelovgjeving når krisa råkar. Eller regjeringa kan ty til dei vidare og vagare utforma lovgjevingsfullmaktene i beredskapslova § 3 ved fare for «rikets ... sikkerhet»,  som også omfattar ei blankofullmakt til «utskriving av arbeidskraft til militære og sivile formål».