Forfatteren var medlem i utvalet som la fram NOU 2022:8 og det sokalla evalueringsutvalet for minerallova.
I lovforslaget lagt fram for Stortinget har grunneigarane mista kompetansen til seie ja eller nei ved tildeling av undersøkingsrett for viktige grupper av grunneigars mineral – sokalla industrimineral og lette metall. Mange vil meine at samtykkekompetansen er kjernen i eigedomsretten.
Undersøkingsretten er sentral i mineralretten. Denne gir deg ikkje berre rett til å undersøke etter mineral for seinare utnytting, men også prioritet til utvinningsretten.
Gevinsten med nytt system er at ein har harmonisert undersøkingsrett og utvinningsrett for statens mineral – og dei økonomisk viktigaste grunneigarminerala.
Prisen for omlegginga er det grunneigar som betaler. På utvinningsstadiet må også den som vil utvinne mineral legge fram avtale med grunneigar, men får her i tillegg hjelp av ein sokalla sterk ekspropriasjonsrett. Korleis ein slik ekspropriasjonsrett vil stå seg i lys av det konstitusjonelle eigedomsvernet kan diskuterast, men i praksis vil det utvilsamt svekkje forhandlingskorta til grunneigar. I staden for ein tradisjonell eigedomsrett vil forslaget medføre at grunneigar i praksis skal ta til takke med ei ekspropriasjonserstatning.
Rett nok er det i lovforslaget søkt å ta omsyn til at ekspropriasjonserstatninga ikkje skal vere avhengig av kva grunneigars eigne planar med utnyttinga er, noko som kan gi ei meir rimeleg erstatning enn alminnelege ekspropriasjonsreglar, men dette står att å sjå. Heller ikkje er NOU-utvalet sitt framlegg om 10 prosent tilleggserstatning for å reflektere verdiskapinga teke omsyn til.