Grunnlova § 92 slår fast at statlege styresmakter «skal respektere og tryggje menneskerettane». Stadig nye saker om vald mot særleg kvinner reiser spørsmål om staten oppfyller denne plikta. Den grufulle drapshandlinga i Øygarden i starten av 2024 er eit grelt døme. Tina Milena Solberg vart funnen kvalt og drepen i ein utbrent bil i utmarka. Den saka, og altfor mange andre saker om partnerdrap, viser dessverre at individet ikkje alltid får fred.

Trass i at svært mange personar er underlagt besøks- og kontaktforbod, og politiet har fått heimel til å pålegge omvendt valdsalarm, er talet på grove og gjentakande valdsbrotsverk i nære relasjonar framleis svært høgt.

På denne bakgrunn kan det stillast spørsmål om statens manglande evne eller vilje til å verne individet mot valdtekt, vald og anna trakassering, er vedvarande brot på menneskerettane til offera?

Praksis

Spørsmålet er ikkje tatt ut av lufta. Høgsterett sa allereie i 2013 dom for at staten ikkje hadde oppfylt plikta etter EMK til å sikre ei kvinne mot forfølging frå ein mann ho hadde hatt eit kortvarig forhold til (Rt. 2013 s. 588). Mannen hadde éin gong utsett kvinna for lekamsskading under særleg skjerpande omstende, og trua ho med kniv. Lagmannsretten skildra hendinga slik : 

«Gjerningsmannen – som hun i en kort periode hadde hatt et kjæresteforhold til – angrep henne i hennes eget hjem. Han slo henne i hodet med en grovlenket, dobbelt kjetting slik at hun falt. Mens hun lå på gulvet slo han henne mange ganger med kjetting og sparket henne flere ganger, samtidig som han uttalte at han skulle drepe henne. Etter at hun hadde klart å komme seg opp på bena, presset han en kniv mot halsen hennes mens han truet med å drepe henne.»

Mannen blei pågripen, varetektsfengsla og seinare dømd til fengsel. Allereie frå mannen slapp ut av varetekt, utsette han kvinna for svært langvarig, truande og skremmande forfølging. Rettsinstansane karakteriserte forfølginga som psykisk trakassering og terrorisering. 

Livskvaliteten til kvinna vart naturleg nok svært dårleg. Trass omfattande politioperative tiltak, og eit nærast samanhengande regime av besøks- og kontaktforbod, fann kvinna og dei fire borna hennar det nødvendig å flytte til ein annan kant av landet, grunna alvorleg frykt for mannen. Ho måtte skifte namn, og leve på sperra adresse. Den psykiske påkjenninga resulterte i store helseproblem, med varig medisinsk uføregrad på 45 prosent. 

Kvinna fekk altså ikkje vere i fred.

Ikke nok

Rettsinstansane skildra saka som «en sammenhengende forfølgelse», med svært mange brot på besøks- og kontaktforbodet i perioden 1998-2001. Etter flyttinga var trakasseringa meir sporadisk, med siste kontakt i 2004. Forfølginga skjedde i form av brev, kort, oppringingar, tekstmeldingar, forsøk på å oppsøke henne, mellom anna i heimen, og forfølging med bil. 

Høgsterett var samd i at den langvarige forfølginga av kvinna var ein «alvorlig og grov krenkelse av hennes integritet.» Saka liknar mange andre tilfelle som endar med partnerdrap. I mange tilfelle er valdsutøvinga også langt grovare og meir langvarig enn tilfellet var i denne saka. 

Hadde så staten oppfylt plikta til å sikre kvinna sine menneskerettar? Nei, svarte Høgsterett. Det var ikkje det at politiet ikkje hadde gjort noko for å beskytte kvinna. Politiet hadde gjort mykje i saka. Men altså ikkje nok. 

Om staten sine plikter peika Høgsterett på at «politiarbeid er krevende og komplekst, muligheten for å forutse utviklingen er begrenset, og operative valg må skje innenfor rammen av fastsatte prioriteringer og ressursmessige rammer. [EMK] krever ikke det umulige eller uforholdsmessige. Og staten forventes ikke å avverge enhver fare for krenkelser begått av private». Høgsterett understreka likevel at «det må reageres mot reell og umiddelbar risiko som myndigheten er kjent med, eller burde vært kjent med, med de tiltak som det ut fra situasjonen er rimelig å forvente» (kursivert i original). 

Høgsterett viste også til at EMK krev at tiltak blir gjennomført på ein måte som bidrar til reelt vern, og at tidsaspektet her kan vere viktig. Det er ikkje nok å vedta vernetiltak – tiltaka må også gjennomførast og handhevast. Basert på EMD-praksis viste Høgsterett til at når det gjeld vald mot kvinner, har styresmaktene «en særlig oppfordring til både å treffe tiltak og til å sørge for at disse gir reell beskyttelse».

Ikke unik

Kvifor konkluderte så Høgsterett med at staten ikkje hadde oppfylt plikta til å sikre kvinna sine EMK-rettar, trass i mange tryggingstiltak? To forhold peikar seg ut. For det første var oppfølginga av mannen sine stadige brot på besøksforbodet «meget mangelfull». For det andre var to potensielt svært alvorlege trugsmål mot kvinna ikkje nærare etterforska.

Ut frå kunnskapen om gjerningspersonen, gjerningsmannens handlingsmønster og intensitet, og om belastninga og risikoen for kvinna og barna hennar over svært lang tid, burde politiet og påtalemakta etter Høgsterett sitt syn følgd opp informasjonen om stadige brot på besøksforbod vesentleg betre: «Særlig skulle muligheten for pågripelse og varetektsfengsling vært nøye vurdert, og bruddene burde fortløpende vært iretteført som selvstendige straffbare forhold».

Historia til denne kvinna er dessverre ikkje unik. Retten hennar til å vere i fred vart grundig krenka av eks-kjærasten. Og staten gjorde seg skuldig i ny krenking ved ikkje å sikre ho godt nok mot vald, forfølging og trakassering. Konsekvensane for kvinna var alvorlege psykiske plagar, medisinsk invaliditet og uførepensjon, ny identitet og hemmeleg adresse.

Forvarsler

I det drøye tiåret som har passert, er det vist til 2013-avgjerda i rad offentlege dokument – fleire NOU-ar, lovproposisjonar og rundskriv frå Riksadvokaten – som døme på statens plikt til å hindre vald mot privatpersonar.

Partnerdrapsutvalgets utredning – NOU 2020: 17 Varslede drap? – viser likevel at dei fleste drapa skjer etter eitt eller fleire forvarsel. I perioden 1990-2019 hadde politi og hjelpeapparatet registrert partnervald i 70–80 prosent av tilfella. I 50–60 % av alle partnerdrapa var det registrert meir enn fem valdsepisodar.

Stadig nye tilfelle partnerdrap og vald i nære relasjonar gir grunn til å spørje om staten tar ansvaret for å sikre menneskerettane til offera tilstrekkeleg på alvor. Mykje bra blir gjort, men blir det gjort nok? Eller står vi overfor ei rad einskildståande brot på offera sine menneskerettar?

Den nye Partnerdrapskommisjonen er kanskje eit steg i rett retning. Tida vil vise om kommisjonens arbeid vil bidra til reell trygging av menneskerettane til valdsutsette individ.