Noreg sel ei vare mange ynskjer seg, gass. Etter systemet som er etablert for å telje utslepp av karbondioksid, har Noreg eit klart ansvar for utslepp på norsk sokkel som kjem frå produksjonen. Difor elektrifiserer vi produksjonen. Så langt, så bra.
Ansvaret etter internasjonal-, EU- og nasjonal rett som følgjer av at norsk gass vert brent hos kjøpar, i eit anna land, er meir uklart. Klimarisikoen ved slik brenning av gassen, med påfølgjande utslepp av karbondioksid, er Stortinget og produksjonsselskapa for lengst kjent med. Løysingane er også kjent. Ei løysing, som gjev opphav til mange andre utfordingar, er å stanse produksjonen. Ei anna løysing er at kjøpar av gassen fangar karbondioksid i forbrenningspipa, og lagrar den i lager langt under jorda, på land eller under havbotnen. Teknologien er på plass, både for fangst, transport, injeksjon og lagring. Lagerkapasiteten er god, og etablerte lager fungerer godt og etter intensjonen.
Med dette som bakgrunn er spørsmålet om det er forsvarleg å selje norsk gass, utan krav til bruken hos kjøpar? I romarretten, og det patriarkalske samfunnet der, spurte ein seg kva «bonus pater familias» – den gode familiefar – ville gjort, og la det til grunn for kva som er forsvarleg framferd. Kan Stortinget, som «far» i denne samanhengen, akseptere at kjøpar vel å brenne av gassen utan karbonfangst, fordi dette er økonomisk gunstigare enn å fange karbondioksiden? Etter mitt syn trer det etter kvart fram eit tydlegare svar på spørsmålet.
For å sikre kjøparar rimeleg tid for å områ seg, er det naturleg å gje overgangsordningar. Inngåtte salskontraktar må respekterast for ikkje å kome i ansvar for kontraktsbrot. Produksjonsselskapa med konsesjonar for utvinning må på si side akseptere nye rettslege rammer og krav for sin aktivitet, der dei vert etablert for å sikre viktige samfunnsomsyn. Ei rimeleg overgangsordning bør på plass for at produksjonsselskapa og kjøparar skal få tid til å innrette seg. Ein tidsplan for opptrapping bør etablerast, der ein relativ del gass vert reservert kjøparar med karbonfangst innan visse tidsrammer, med påfølgande tidsplan for opptrapping av delen gass som vert underlagt slike krav.
Så kan ein argumentere med at Stortinget kan kvile på laurbæra, for kvotehandelssystemet er sett til nettopp å ordne opp i desse forholda. Etter mitt syn gir systemet resultat som går sakte framover, og som ikkje kan brukast som argument for ikkje også å ta i bruk andre, supplerande verkemiddel.
Gass selt med krav om karbonfangst vil truleg nå ein lågare verdi på marknaden. Spørsmålet er om det likevel ikkje vil vere uforsvarleg å søke å maksimere pris, når klima vert skadelidande. Caesar kunne spørje Senatet, i våre dagar går spørsmålet til Stortinget.