Stortinget sin kontroll med regjeringa og forvaltinga er ein demokratisk garanti som skal sikra den folkelege innverknaden og det folkevalde Stortinget si stilling opp mot regjeringa og embetsverket. Dette er hovudbodskapen frå eit samla Storting som har handsama Harberg-utvalet sin rapport om Stortinget si kontrollverksemd.
I botn av folkestyret ligg maktfordelingsprinsippet. Regjeringa skal setja i verk vedtaka frå Stortinget. Difor har Stortinget ei kontrolloppgåve med å sjå til at regjeringa gjer det Stortinget har vedteke. Stortinget sin kontroll skal halda fokus på svakheiter eller problemstillingar ved regjeringas oppfølging av Stortinget sine vedtak.
Spørsmålet om Stortinget sin innsynsrett i kontrollsaker har skapt offentleg debatt. I arbeidet med kontrollen har Stortinget etter Grunnlova § 75 f rett til «å få seg førelagt protokollane frå statsrådet og alle offentlege meldingar og papir». Frå forvaltninga har det vore hevda at denne innsynsretten har vore uklår. Det har den ikkje vore. Stortinget sin innsynsrett gjeld alle offentlege dokument i forvaltninga. Her gjeld Grunnlova si opphavelege forståing av offentlege dokument i motsetnad til private. Denne ordlyden er meint å hindra avgrensing i Stortinget sin innsynsrett.
Innsynsretten og kontrollmandatet i Stortinget må me nytta klokt. I handsaminga av kontrollsaker skal rein partipolitisk verksemd verte lagd til sides. Når me stortingsrepresentantar driv kontroll opptrer me på vegne av Stortinget som folkevald organ, ikkje på vegne av vår eigen personlege eller partipolitiske interesse. Dette har eit samla Storting slått fast i handsaminga av Harberg-utvalet sin rapport. Eit levande folkestyre føreset at maktfordelingsprinsippet fungerer, og dermed at Stortinget sine vedtak vert gjennomført av regjeringa. Kontrollen si oppgåve er å syta for at det verte slik.
Difor er Stortinget sin kontroll hjartet i folkestyret.