Det siste Høgsterett gjorde før domstolen tok påskeferie var å levere den mykje omtala utgreiinga til Stortinget i samband med tilslutninga til EUs fjerde jarnbanepakke.

At Høgsterett valde å følgje regjeringas grunnlovstolking var ikkje det mest overraskande med utgreiinga. Ein samla Høgsterett gav full støtte til at Stortinget gjennom eit vanleg fleirtalsvedtak etter Grunnlova § 26 andre ledd kan overføre kompetanse til ein internasjonal organisasjon å gjere vedtak med direkte verknad i Noreg. Dermed kan Stortinget utan hinder av kravet om tre fjerdedels fleirtal og medlemsskapsvilkåret i § 115 overføre vedtakskompetanse til EU-kommisjonen, EUs jarnbanebyrå (ERA) og EU-domstolen, så lenge denne er «lite inngripende».

Til forskjell frå regjeringa meinte Høgsterett at det var tale om ei noko meir omfattande suverenitetsoverføring. Likevel var den altså «lite inngripende».  Vi har stor respekt for Høgsteretts formelle kompetanse til å avklare omstridde rettsspørsmål i vårt rettssystem. Likevel må vi medgi at vi er fint lite imponerte over den faglege kvaliteten på utgreiinga til Høgsterett. Ho er metodisk enkel, materielt mangelfull og inneheld oppsiktsvekkande påstandar om grunnlovtolking av generell karakter som etterlét fleire spørsmål enn dei gir svar. Her skal vi kort gjere greie for nokre hovudpunkt.

For ei meir utfyllande vurdering viser vi til denne teksten på Juridika Innsikt.

Strikken vart trekt lenger

I motsetnad til samferdselsminister Knut Arild Hareide, som i brev til Stortinget har skrive at det med EUs fjerde jarnbanepakke «skjer ingen overføring av myndighet til Kommisjonen», stadfesta Høgsterett at det er mogleg for Kommisjonen å fastsetje regelverk som «kan bli gjort gjeldende i Norge før regelverket er blitt del av EØS-avtalen.» Og medan regjeringa har meint at dei nye jarnbanereglane ikkje endrar norske styresmakters høve til å stogge drifta til togselskap dersom tryggingsomsyn krev det, meinte Høgsterett at slik stopp kan vere illojalt av norske styresmakter. For Høgsterett var heller ikkje dette eit tilstrekkeleg moment for å karakterisere suverenitetsoverføringa som meir enn «lite inngripende».

Lite informativ utgreiing

Brorparten av utgreiinga er ein lang historisk eksegese av velkjende forhold som aldri har vore omstridde. Det er brei semje om at skiftande og breie fleirtal på Stortinget, i alle fall sidan 1992, har bygd på at Grunnlova § 26 andre ledd opnar for «lite inngripande» suverenitetsoverføring. Det omstridde er den juridiske betydinga av denne praksisen til fortrengsel for § 115 og formkrava og mindretalsvernet der. Det reelle spørsmålet er om og på kva vilkår Stortinget utan å følgje formkrava for grunnlovendring i § 121 kan endre, utvikle eller setje til side reglar i Grunnlova. Desse vanskelege problemstillingane spanderer Høgsterett berre 2,5 sider på.

Høgsteretts praksis=rett-metode

Høgsterett seier dei vil løyse rettsspørsmålet på grunnlag av «allminnelig juridisk metodelære». Mon det. Problemet er at Høgsterett stort sett berre seier at fordi Stortinget har tolka Grunnlova på ein bestemt måte, så må det vere uttrykk for gjeldande rett. Vanleg juridisk metode på statsrettens område er ikkje så enkel. Føresegner må til dømes tolkast i samanheng. Høgsterett trekk knapt konsekvensar av at § 115 klårt regulerer dei forholda saka gjeld, og tolkar i staden § 26 andre ledd nokså isolert i lys av Stortingets praksis, trass i at ordlyden der ikkje regulerer forholdet. 

På statsrettens område er det òg relevant å skjele til dei underliggjande verdiane og føremåla som Grunnlova skal sikre. Ein kunne tru at verdien «rettsstaten», som er slått fast i Grunnlova § 2 og eit ynda tema for høgsterettsdommarar i festtaler, var eit relevant tolkingsmoment i ei sak der Høgsterett tolkar vekk ein grunnlovbestemt mindretalsrett for opposisjonen.

I det minste, for å kunne motverke inntrykket av at det i Noreg er heilt kurant at eit stortingsfleirtal tolkar bort grunnlovbestemte mindretalsrettar, kunne Høgsterett gjort som i Gullklausul-saka i 1962 (Rt. 1962 s. 369) og grunngitt ei radikal tolking av Grunnlova med omsynet til vitale samfunnsinteresser.

Det er ikkje sikkert at ei meir breiare og avansert metodisk tilnærming til spørsmålet måtte ha ført til ein annan konklusjon. Men det ville kunne ha gitt ein konklusjon som var fagleg meir tillitsvekkande enn Høgsteretts enkle praksis=rett-metode.

Paragraf 115 utan innhald

Etter utgreiinga til Høgsterett er no vedtaksforma i Grunnlova § 115 i praksis sett ut av kraft. Paragrafen står framleis i Grunnlova med tekst og det heile, men orda er no utan operativt juridisk innhald.

Høgsterett vil kanskje vere usamde, då dei brukar plass på å formane om at det går ei grense for kva som kan reknast som «lite inngripande» suverenitetsoverføring. Dette er ei meiningslaus øving som vitnar om manglande forståing for korleis konstitusjonelle formkrav fungerer i det verkelege livet og som berre er eigna å tilsløre realitetane. Realiteten er nemleg at det ikkje lenger finst ei meiningsfull operativ grense mellom lite inngripande vedtak med vanleg fleirtal etter § 26 andre ledd og kvalifisert fleirtal etter § 115.

Ein ting er at kriteriet «lite inngripande» er så fleksibelt og skjønsprega at det lett kan bli praktisert vilkårleg.

Viktigare er det at i ein situasjon der eit vanleg fleirtal og eit etter § 115 blokkerande mindretal er usamde om suverenitetsoverføringa er «lite inngripande» eller ikkje, har mindretalet ikkje noko rettsleg høve til å sjølvstendig utøve mindretalsretten sin etter § 115. Ein mindretalsrett er berre meiningsfull dersom mindretalet kan aktivere han sjølv utan samtykke frå fleirtalet. Det er heller ikkje tilstrekkeleg at den juridiske vurderinga av om suverenitetsoverføringa er «lite inngripande», ofte blir gjort av Lovavdelinga. I ein rettsstat med maktfordeling kan ikkje ein parlamentarisk mindretalsrett for opposisjonen vere avhengig av vurderinga til eit regjeringsorgan.

Faktum er at den einaste måten opposisjonen på Stortinget kan utøve mindretalsretten etter § 115 på, er at stortingsrepresentantar på eigen økonomisk risiko saksøker staten. Vi tør påstå at det er nokså oppsiktsvekkande i ein rettsstat at grunnlovbestemte parlamentariske mindretalsrettar berre kan utøvast gjennom søksmål. Aldri før har vi vel gått lenger i retning av «amerikanisering» av norsk politikk, når dei konstitusjonelle rettsreglane tvinger politiske parti til å utøve politikk gjennom søksmål.

Det kan godt vere at Stortinget i framtida gjer vedtak etter § 115, men då skjer det i røynda på grunnlag av avgjerda til eit vanleg stortingsfleirtal og ikkje på grunnlag av eit kvalifisert fleirtal. Mindretalet vil frå no av ikkje kunne tvinge gjennom eit vedtak etter § 115. Ei vurdering av § 115 i framtidige saker vil difor langt på veg berre vere eit spel for galleriet. 

Kva meiner så Høgsterett om problematikken med mindretalsretten i § 115? Det får vi ikkje vite noko om. Faktisk hoppar Høgsterett over heile spørsmålet. Vi meiner det er kritikkverdig av Høgsterett å ikkje gi Stortinget rettleiing i korleis det bør gripe an problemet med mindretalsretten. Det minste Høgsterett kunne ha gjort var å gi Stortinget beskjed om at  rettstilstanden er utilfredsstillande og oppmode til revisjon av § 115. Slik kunne Stortinget fått eit velfortent spark i baken til å gi ein klår heimel i Grunnlovas tekst som er tilpassa dagens norske tilknytingsform til EU.