Denne artikkelen er en replikk på replikk. Les den opprinnelige kommentaren her. Les professor Halvard Haukeland Fredriksens replikk her.

Forordning (EU) 883/2004 artikkel 21 (1), som er heimel for eksport av sjukepengar ved opphald i og flytting til annan EØS-stat, seier at det skal skje «efter den lovgivning, der gælder for denne institution». I samsvar med namnet på forordninga, er det ei koordineringsforordning. EU-domstolen har klargjort rollefordelinga i fleire dommar, sjå som eksempel C-134/18 Vester premiss 29 og 30 og sak C-430/15 Tolley premiss 57. Ikkje minst på denne bakgrunnen sluttar eg meg til professor Hallvard Haukeland Fredriksen sitt syn om at vi ikkje må overdrive krava etter EØS-retten.

Den norske folketrygdlova, vedteken av det norske Stortinget, har eit vilkår om at det må søkast om å ta med sjuketrygd og arbeidsavklaringspengar. Dette vilkåret gjeld også ved opphald i annan EØS-land. Gjennom tilvisinga til nasjonal rett artikkel § 21 (1), kan kvar enkelt stat regulere innhaldet i krava i eigen stat. Det kan fastsetjast.

Den sjukemelde må i nødvendig grad samarbeide med anna helsepersonell og med arbeidsgivar. Det skal vurderast arbeidsretta tiltak, og den sjukemelde kan måtte gå gjennom behandlingar.

Sjukemelding kan vere aktuelt også om ein person blir sjukemeldt under eit ordinært utanlandsopphald, jf. forordning 987/2009 artikkel 27. Under eit slikt opphald skal den sjukemelde følgast opp, I artikkel 27 heiter det:

4.   Fremsendelse af det dokument, der er omhandlet i stk. 1, 2 og 3, fritager ikke forsikringstageren for at overholde forpligtelserne i henhold til den gældende lovgivning, navnlig med hensyn til den pågældendes arbejdsgiver. Hvis det er relevant, kan arbejdsgiveren og/eller den kompetente institution opfordre arbejdstageren til at deltage i aktiviteter, der skal fremme mulighederne for og bistå vedkommende med hensyn til at vende tilbage til beskæftigelse.

Det er ut frå dette logisk at det også må kunne stillast krav om godkjenning der ein allereie sjukemeldt skal opphalde seg i utlandet.

Slikt godkjenningskrav er fastsett av det norske Stortinget. Dommen frå den tyske høgsteretten for sosiale saker godtok eit slikt godkjenningskrav. Det er plass for ulike syn i spørsmålet, men eg konstaterer at professor Haukeland Fredriksen er einig med meg i at spørsmålet bør leggast fram for EFTA-domstolen.

I dag er det høyring om trygdesaka i Stortinget, før granskingsutvalet har lagt fram sin rapport og før kommisjonen har gjort vedtak om gjenopning av nokon av dei fellande straffedommane. Straffesakene skal avgjerast av domstolane.

Spørsmålet om alle opphald er omfatta av eksportretten må reknast for avklara. Det er ikkje spørsmålet om søknad og godkjenning. Kanskje blir det avgjerande om vedkomande har søkt eller ikkje – eventuelt også om det er gitt urette eller grovt mangelfulle opplysningar. Og kor langt gjeld varianten i den tyske dommen, der den sjukemeldte hadde søkt, fekk nei, men reiste likevel. Domstolen overprøvde avslaget frå sjukekassa, og kom til at ho ikkje hadde grunnlag for å nekte.

Svaret på alt dette det ligg i forståinga av dei to forordningane. Eg meiner at den norske lova, med krav om godkjenning av opphald i anna EØS-land, ligg innanfor det forordningane gir høve til.

Sjølv om utgangspunkta våre er ulike, er eg einig med Haukeland Fredriksen i at vi bør ta oss tid til å vente på EFTA-domstolen.