Dommerfullmektig ved Sogn og Fjordane tingrett

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2025-02-28

Sogn og Fjordane tingrett er ein moderne og utviklingsorientert domstol med 18 medarbeidarar. Tingretten har 8 dommarar og 10 saksbehandlarar inkludert administrasjonssjef. Vi har hovudsete i Førde og setter også rett i Sogndal og på Nordfjordeid. Rettskretsen omfattar kommunane i Sogn og Fjordane i Vestland fylke, og har om lag 110 000 innbyggjarar. Domstolen er moderne utstyrt og gjennomfører digitale rettsprosessar.

Om stillinga

Domstolen har to dommarfullmektigar. Som dommarfullmektig vil du få ein hektisk og interessant kvardag, med varierte oppgåver innan størstedelen av domstolen si saksportefølje. Stillinga er sjølvstendig og du utfører eit viktig samfunnsoppdrag. 

Du vil arbeide med saker både i Førde, Sogndal og på Nordfjordeid, og må difor rekne med ein del reising. Du må ha førarkort og det er ein fordel om du disponerer bil. 

Vi søker etter ein dommarfullmektig som har master i rettsvitenskap, med gode faglege kvalifikasjonar og engasjement. Det er vidare ønskeleg med relevant arbeidserfaring. Som dommarfullmektig må du vere løysingsorientert, reflektert og engasjert. God skriftleg og munnleg framstillingsevne er naudsynt.

Vi tilbyr

Tingretten tilbyr eit godt og spanande arbeidsmiljø. Som dommarfullmektig vil du bli tildelt ein tingrettsdommar som mentor, og vi vil legge til rette for god fagleg utvikling. Sogn og Fjordane byr i tillegg på flotte omgjevnadar med fantastiske moglegheiter for natur- og friluftsliv gjennom heile året. 

Generelle vilkår:

  • Tilsettingsvilkår og løn på gjeldande vilkår
  • Krav om norsk statsborgarskap
  • Prøvetid på 6 månadar
  • Tilsetting etter nærare avtale
  • Personopplysningar i søknad og CV blir behandla i samsvar med lov om behandling av personopplysningar
  • Det blir utarbeidd offentleg søkarliste og vi viser til offentleglova §25 andre ledd vedrørande moglegheita for å bli unnateke frå søkarlista

Sogn og Fjordane tingrett legg vekt på breidde og mangfald i arbeidsmiljøet og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av alder, kjønn, etnisitet og nedsett funksjonsevne.

Spørsmål om stillinga

Vil du vite meir om stillinga eller vår domstol kan du ta kontakt med sorenskrivar Knut Broberg tlf 90 67 32 35 eller tingrettsdommar Bjørn Gunnar Sælen tlf 41 56 87 04