Konstitusjon som jordskiftedommar ved Hordaland jordskifterett

Vil du løyse konfliktar om vegrett, jaktrett og eigedomsgrenser?

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2025-02-20

Vil du ha ei stilling der du både får bryne deg på eit stort spekter av juridiske oppgåver, samtidig som du har ei viktig samfunnsrolle? 

I rolla som jordskiftedommar vil du handsame sakar om mellom anna vegrettar, jaktrettar og eigedomsgrenser. Mange av partane er sjølvprosederande, så i tillegg til jordskiftefagleg kompetanse, må du bruke mellommenneskeleg kløkt og evne til å formidle jussen på ein folkeleg måte.

Ei anna svært positiv side ved denne jobben er variasjonen gjennom arbeidskvardagen - og då tenkjer vi verken på dei jordskiftefaglege problemstillingane eller partane du møter, men korleis jobben vert utført. Du kan sitje på kontoret den eine dagen og vere på synfaring den andre. Ja, du kan nyte den herlege naturen rundt Bergen, Voss og Hardanger midt i arbeidstida. Og få betalt for det.

Om du finn dette interessant, er det ledig ein ettårig konstitusjon med moglegheit til forlenging som jordskiftedommar ved Hordaland jordskifterett. Tiltreding etter nærare avtale.

Jordskifteretten er lokalisert på rettsstadene Bergen og Voss. Kontorstad for stillinga vil vere i Bergen.

Hordaland jordskifterett dekker kommunane Askøy, Alver, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Eidfjord, Fedje, Kvam, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Samnanger, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal, Voss og Øygarden. Domstolen har i dag til saman 7 dømande årsverk og ei samla bemanning på 15 årsverk.

Det må påreknast å gjere teneste på begge rettsstadene i rettskrinsen.

Arbeidsoppgåver

Dine viktigaste arbeidsoppgåver vil vere:

  • Planlegge for gjennomføring av tildelte saker på ein effektiv måte
  • Leie rettsmøte
  • Leie rettsmeklingar
  • Skrive avgjerder i eigne saker
  • Bidra til gode fagmiljø gjennom deling av kunnskap og erfaringar

Det er vanleg praksis i jordskiftedomstolane at ein hjelper kvarandre med saksavviklinga på tvers av soknegrensene. Det kan derfor verte aktuelt å ta saker utanfor eige sokn.

Kven er du?

Krava vi stiller for å bli jordskiftedommar er:

  • Jordskiftefagleg utdanning på mastergradsnivå som fyller vedtekne kompetansekrav
  • Brei yrkes- og livserfaring er ønskeleg, noko du vil få bruk for i dei mange ulike sakene du vil handtere og menneska du vil møte
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne er viktig, med eit språk alle kan forstå
  • Analytiske evner kjem godt med, sakene er komplekse og krev eit trena auge
  • Du må kunne jobbe sjølvstendig, ha god gjennomføringsevne og evne til å ta vanskelege avgjerder
  • Du må vere fleksibel, med 7 dømmande årsverk blir det til at man må trå til litt ekstra ved behov
  • Du må ha fokus på aktiv saksstyring og saksbehandlingstid
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Du må vere norsk statsborgar. Det vert kravd ein uttømmande politiattest dersom du blir innstilt.

Kva tilbyr vi?

Forutan ein svært variert arbeidskvardag og eit viktig samfunnsoppdrag, kan vi tilby  deg følgjande i denne stillinga: 

  • Eit stort rom for fagleg utvikling, du vil jobbe i kjernen av utviklinga av jordskiftefaget. 
  • Eit omfattande introduksjonsprogram for nye dommarar.
  • Årlege oppdaterings- og etterutdanningstilbod
  • Fabelaktig natur i nærområdet, som du kan nyte både i jobben og på fritida
  • Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.

Ved tilsetting tilbys kr 989 932,- jf. hovudtariffavtale. Frå lønna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. Skyss- og kostgodtgjering etter Statens regulativ. 

Jordskifteretten har ei felles bilordning, og søkaren må ha førarkort for bil.

Om oss

Domstolane utgjer den tredje statsmakta. Noreg har 49 domstolar med om lag 2000 tilsette. . Landet er delt inn i 19 jordskifterettar med ca. 230 tilsette. Les meir om jordskifterettane her: https://www.domstol.no/no/jordskifterettene/.

Jordskifteretten er ein særdomstol som i hovudsak arbeider med omforming av eigedommar, organisere felles bruk av eigedommar, klarlegging av rettstilhøve, grenser til fast eigedom og ein rekke skjønn.

Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn basert på tillit. Tillit mellom menneske og styresmakter, men også mellom deg og meg. Alle skal ha tillit til og respektere våre avgjerder, uavhengig av utfall. Hjå oss kan kvar og éin få avgjort si sak, satt strek og koma seg vidare.

Med vår rolle følgjer eit stort ansvar. Våre avgjerder er uavhengige og upåverka av styresmakter eller press frå andre miljø. Med komplekse, juridiske problemstillingar bruker vi tid på å djupdykke ned i jussen. Arbeidskvardagen er prega av variasjon. Éin dag er vi ute på synfaring, ein annan dag leiar vi retten eller er på kontoret og skriv dom. Med andre ord trivst vi i både støvlar og sko.

Generelle føresegner

Noregs domstolar ønskjer å vere ein inkluderande og mangfaldig arbeidsplass der alle medarbeidarar blir verdsette og har like moglegheiter. Mangfald er ein styrke, og vi vil tilretteleggje for tilsette med ulike behov. Les meir om høvet til positiv særbehandling her: https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling.

Personopplysningar i søknad og CV til stillinga blir handterte i samsvar med personopplysningslova. Du kan lese meir om personvern på www.domstol.no.

Her finn du òg generell informasjon om domstolane.

Vi utarbeider offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25, andre ledd, for høvet til å bli unnateken frå denne. Etter søknadsfristen har gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på Søkerlister - Innstillingsrådet for dommere | Norges domstoler.

Generell informasjon til søkjarane finst på www.domstol.no/innstillingsradet

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida: "Søk her". Ver venleg å opplyse i søknaden kvar du først såg stillingsutlysinga.

Spørsmål om stillinga

  • Thorbjørn Svane
    Jordskifterettsleiar ved Hordaland jordskifterett
    Telefon: 909 47 341
    E-post: [email protected]
  • Unni Sandbukt
    Leder i Innstillingsrådet for dommere
    Telefon: 911 05 553
    E-post: [email protected]
  • Solveig Moen
    Avdelingsdirektør i Domstoladministrasjonen
    Telefon: 404 14 414
    E-post: [email protected]