Både advokat Jan Fougner og professor Morten Holmboe har som hovudpunkt i innlegg i Rett24 no nyleg at Høgsterett kan «beklage behandlingen» i 2017 i straffesaka mot N. Det er grunn til å minne om at det Høgsterett skal gjere er å behandle saka i full breidde, og då også forholdet til EØS-forordningane, som Høgsterett ikkje tok opp utanom anken den gongen.

Avgjerda er viktig. Ho er viktig for N og for dei som er i same eller liknande situasjon. Ho er også viktig for dei personane som har hatt liggande over seg at dei har vore med på det som kan ha vore urett i forhold til N og andre. I uvanleg grad har saka også vore ei blanding av politikk og jus der det er nødvendig at Høgsterett ryddar opp – i alle fall i jussen.

EFTA-domstolen har gitt Høgsterett eit råd. Kanskje er det punkt der som ikkje er haldbare; det er det berre Høgsterett som kan avgjere.

For min del synest eg det er eitt punkt som særleg manglar i rådet frå EFTA-domstolen. Domstolen har gått uvanleg langt i å uttale seg om den konkrete rettsbruken (subsumsjonen), men det manglar ei overordna innføring i systemet. I så måte synest eg Supreme Court (UK) har eit opplegg som kunne tent til mønster i dommen i saka R (on the application of Lumsdon and others) v Legal Services Board 24. juni 2015, sak [2015] UKSC 41.

Eg ser fram til ein dom frå Høgsterett som kan avklare rettsspørsmåla i saka. Det er då sjølvsagt at den eller dei som hadde saka i 2017, ikkje skal vere med no.