Domstoladministrasjonen skal ha honnør for å sjå kritisk på dommarfullmektigordninga, vel og merke med marsjordre frå Domstolkommisjonen i NOU 2020: 11. Arbeidsgruppa kjem også med fleire forslag som utvilsamt vil gjere dommarfullmektigordninga betre enn ho er i dag.
Les: Vil gi dommerfullmektigene lengre kontrakter, mer lønn og mer opplæring
Forslaga er samla sett ei varsam justering av den noverande ordninga og løyser ikkje dei prinsipielle problema med dommarfullmektigordninga. Med det har Domstoladministrasjonen og dommarane ikkje gripe høvet til å tenke nytt og prinsipielt om opplæring, rekruttering og stillingsvern for norske dommarar. Eg skal nemne tre døme.
Opplæring til kva?
Arbeidsgruppa slår fast at dommarfullmektigordninga skal vere ei utdanningsstilling og at opplæringselementet bør styrkast. Ingen stad i rapporten stiller og svarar arbeidsgruppa på spørsmålet: Opplæring til kva?
I rapporten går det mellom anna fram at kompetanseopplegget skal sikre at «dommerfullmektigene er tilstrekkelig forberedt før de skal administrere saker på egen hånd». Skildringa av opplæringsdelen etterlet eit inntrykk av at dommarfullmektigane skal lærast opp til å vere nettopp dommarfullmektigar. Dette inntrykket vert styrka av at arbeidsgruppa rår frå opplæring i sakstypar som ikkje skal behandlast av dommarfullmektigar.
Dersom ein skal ta utdanningselementet i dommarfullmektigordninga på alvor, bør utdanninga føre fram til ein kvalifikasjon som dommar og eit karriereløp i domstolane. Arbeidsgruppa går i motsett retning og føreslår ein felles funksjonsperiode på tre år utan høve til forlenging. Etter det må tidlegare dommarfullmektigar konkurrere om stillingar i domstolane mot kandidatar med og utan opplæring som dommarfullmektig. Altså er det ikkje opplæringa som dommarfullmektig eit kvalifikasjonskrav for å bli dommar, sjølv om mange dommarar også har vore dommarfullmektigar.
Kva er då føremålet med opplæringa? Modellen arbeidsgruppa føreslår minner meir om eit tre år langt jobbintervju hos den lokale domstolsleiaren enn ei utdanningsstilling.
Kva er forsvarleg dommarløn?
Eit viktig og internasjonalt anerkjent føremål bak lønsnivået for dommarar, er at «dommere ikke fristes av utilbørlig press utenfra som kan påvirke deres atferd og dømmende virke», slik det så fint er formulert av Domstolkommisjonen i NOU 2020: 11, s. 210. Omsynet til tilliten til domstolane må vere styrande for det lågaste forsvarlege lønsnivået for alle dommarar.
Arbeidsgruppa føreslår eit klårt høgare lønsnivå for dommarfullmektigar enn i dag, men godt under lønsnivået for faste tingrettsdommarar. Rapporten nemner fleire gode grunnar til at dommarfullmektigane bør få høgare løn, men ikkje omsynet til dommaranes sjølvstende. Dette reiser spørsmål om arbeidsgruppas forslag om maksimalt 700.000 kroner i løn er forsvarleg i eit sjølvstendeperspektiv. Og det litt meir infame oppfølgingsspørsmålet: Dersom dette lønsnivået gjev tilstrekkelege garantiar mot utilbørleg påverknad for dommarfullmektigar, er det ikkje då også forsvarleg som innstegsløn for tingrettsdommarar?
Her har Domstolsadministrasjonen og Stortinget som bonus fått gode argument for innsparing på framtidige domstolsbudsjett.
Kor mange mellombelse dommarar?
Spørsmålet om kor mange mellombelse dommarar vi kan ha, går rett i kjernen av prinsippet om uavhengige og upartiske dommarar. Dagens omfattande ordning med mellombelse dommarar i tingrettane står utvilsamt i spenning til det internasjonalt anerkjente idealet om stillingsvern til pensjonsalder. Difor er det litt overraskande at arbeidsgruppa ikkje nemner dette omsynet i det heile, men tvert om argumenterer for «at antallet dommerfullmektiger ikke bør være for lavt».
På spørsmål til kor mange dommarfullmektigar vi kan ha, er svaret til arbeidsgruppa at det skal vere maksimalt 25 prosent dommarfullmektigar i kvar rettskrins. Sidan stillingsvern til pensjonsalder er så sentralt for dommaranes sjølvstende – Domstolkommisjonen har til og med føreslått å grunnlovsfeste det – kan ein spørje om idealet er reelt dersom ein av fire dommarar i tingrettane fell utanfor vernet.
Og motsett: Dersom den norske modellen med inntil 25% dommarar i fyrste instans i treårige åremålsstillingar utan forlenging er god, vil vi då anbefale den for andre land? Etter mitt syn er det ikkje forsvarleg å fråvike idealet om stillingsvern til pensjonsalder utan at det kan påvisast sterke omsyn til domstolanes organisasjon og funksjonsmåte.
Det er elles interessant at eit dokument utforma av ei arbeidsgruppe i domstolane ikkje har éin einaste referanse til europeiske standardar og beste praksis for organisering av domstolane og dommaranes sjølvstende. I motsetnad til vanleg praksis i lovarbeid inneheld rapporten heller ingen referansar til eller refleksjon over tilsvarande ordningar i andre land.
Dette stadfestar berre inntrykket av at dommarfullmektigordninga er ei sær og særnorsk ordning og at det er liten vilje i domstolane og Domstoladministrasjonen til å gjere noko med ho.