I Prop. 135 L (2021–2022) foreslår departementet reglar om at kommunane skal kunne oppheve bustadstiftelsar som dei sjølve har oppretta. Kommunane skal då utan vederlag kunne la verdiane gå inn i den kommunale økonomien.
Les også: Mener regjeringens forslag om å oppheve kommunale stiftelser bryter Grunnloven
Ein stiftelse er eit sjølvstendig rettssubjekt. I norsk rett er det ein omdanningsrett for stiftelsar. Der omdanning skjer ved at stiftelsen blir oppheva (avvikla), fastset stiftelseslova § 47 andre ledd at kapitalen skal «brukes på en måte som samsvarer med stiftelsens formål eller et beslektet formål. Hvis dette ikke er mulig, skal kapitalen i stedet gå til et allmennyttig formål.». Dette inneber at gjeldande stiftingslov ikkje gir høve til oppheve kommunale bustadstiftelsar. Spørsmålet er om proposisjonen gir ein farbar veg.
I Castberg Norges statsforfatning bind II (3. utg. 1964 s. 275) heiter det at ein «juridisk person, som er lovlig opprettet etter gjeldende lovgivning, kan ikke uten videre oppheves ved en etterfølgende lov […].» Det heiter så:
«I en annen stilling står de offentligrettslige juridiske personer som staten selv har opprettet.»
Castberg nemner som døme på dei siste kommunar og fylkeskommunar. I dag er det mange fleire slike, t.d. i helsevesenet. Dersom ein stiftelse kan opphevast, går aktiva og passiva direkte inn i den statlege eller i den kommunale økonomien, og det oppstår då ikkje noko erstatningsspørsmål. Ut frå dette synspunktet kan staten fritt flytte aktiva og passiva mellom offentlegrettslege juridiske personar – og berre slike. Det er lite praksis om spørsmålet. For eigen del stiller eg meg tvilande til at staten utan vidare kan oppheve stiftelsar som dei aktuelle.
Ut frå mitt syn på vernet mot etter EMK P1-1 går eg ikkje nærare inn på dei ‘norske’ reglane. EMK P1-1 gir vern for alle fysiske eller juridiske personar. Dette må sjåast i samanheng med EMK art. 34 der «any person, non-governmental organisation or group of individuals» er gitt klagerett. I den norske versjonen på lovdata er «non-governmental organisation» omsett med «frivillig organisasjon», noko som er misvisande.
Den sentrale avgjerda frå EMD er avgjerd 23.09.2003 Radio France and others v. France (des.), sjå para 26. I andre avsnitt heiter det der:
«The term “governmental organisations”, as opposed to “non-governmental organisations” within the meaning of Article 34, applies not only to the central organs of the State, but also to decentralised authorities that exercise “public functions”, regardless of their autonomy vis-à-vis the central organs; likewise it applies to local and regional authorities […]. “
Om dei nærare vilkåra seier domstolen:
«It follows from the above-mentioned decisions and judgment that the category of “governmental organisation” includes legal entities which participate in the exercise of governmental powers or run a public service under government control. In order to determine whether any given legal person other than a territorial authority falls within that category, account must be taken of its legal status and, where appropriate, the rights that status gives it, the nature of the activity it carries out and the context in which it is carried out, and the degree of its independence from the political authorities.”
Staten hadde stått for all finansiering av Radio France, som likevel vart funnen å vere ein non-governmental organisasjon.
Mykje talar etter mitt syn for at det same er tilfelle for i alle fall dei fleste av dei aktuelle bustadstiftelsane. Overtaking av bygningsmassen mv. i stiftelsane må då skje ved ekspropriasjon mot «full erstatning».