Denne kommentaren er en replikk til Eirik Holmøyviks kronikk fra desember, Grunnlovrealistane i Høgsterett

For det fyrste argumenterer Holmøyvik med at Høgsterett i klimadommen ikkje agerer annleis enn Høgsterett har gjort i samanliknbare grunnlovssaker tidlegare. Men dersom ein skal møta klimautfordringane med å gjera det ein har gjort før, så kan ein like godt bare la ting skura òg gå. Nye utfordringar krev nye tankesett og nye handlingsmønster. Det gjeld like mykje det rettslege som det teknologiske. Aldersdiskrimineringsorskurden frå 2010  – som Høgsterett diksuterte i plenum sjølv om den er avsagt av bare ein dommar – viser at Høgsterett kan leggja til grunn ein heilt ny måte å tenkja på, som òg har maktfordelingsfølgjer, om bare domstolen ønskjer.

For det andre er eg ikkje så sikker på at Høgsterett udiskutabelt bare har gjort som Høgsterett har gjort i samanliknbare grunnlovssaker tidlegare. I rederiskattesaka frå 2010 la Høgsterett i plenum lista lågt for å prøva stortingsfleirtalet sin vilje i ei sak som ikkje gjaldt liv men økonomiske interesserer, og som hadde store økonomiske følgjer for staten. Rederiskattesaka er av mange grunnar ikkje samanliknbar med klimadommen. Men den viser likevel at dersom Høgsterett ville, kunne den ha gjeve § 112 ein heilt annan verknad som prøvingsgrunnlag enn det Høgsterett faktisk gjorde.

For det tredje er eg heller ikkje sikker på at Høgsterett udiskutabelt bare gjorde som Høgsterett har gjort i samanliknbare menneskerettssaker tidlegare. Høgsterett kom til at nederlandsk høgsterett sin bruk av artikkel 2 og 8 i Urgenda-saka ikkje var relevant i Klimadommen. Et er korrekt at saksfakta i dei to sakene er svært ulikt. Men tolkinga av artikkel 2 og 8 i ein klimasamanheng er uavhengig av saksfakta. Høgsterett kunne difor ha brukt same rasjonale i klimadommen. Ikkje minst fordi Høgsterett i Rolfsen-orskurden i avdeling frå 2015 viste at domstolen, når den ønskjer den, kan tolka dei europeiske menneskerettane dynamisk og skapa ny rett.

Høgsterett kunne i klimadommen ha tolka § 112 annleis om domstolen ønskte. Høgsterett valte å ikkje gjera det, og grunngjev valet sitt med maktfordelingsprinsippet. Så enkelt er heller ikkje dette. For – og det er den fjerde grunnen – det finst fleire måtar å tenkja maktfordeling på, og noko Høgsterett viser i sin praksis.

Når Høgsterett legg terskelen høgt for prøving, slik den gjorde i klimadommen, og tidlegare har gjort i andre dommar, så legg Høgsterett til grunn ei konservativ forståing av maktfordelingsprinsipp, der domstolane representerer ei form for motsats til lovgjevar. Når Høgsterett legg terskelen for prøving lågt, slik domstolen gjorde i Bøhler-dommen i 2000 eller i uskuldspresumsjonsorskurden i 2005, så legg Høgsterett ei meir progressiv forståing av maktfordeling til grunn der domstolar og lovgjevar i dialog utviklar norsk rett, og ikkje overlet det til transnasjonale organ, som står utanfor den norske demokratiske offentlegheit.

Som øvste domstolen har Høgsterett ein ustrekt grad av valfridom. Den valfridomen brukar domstolen når den finn behov for det. Og det gjorde Høgsterett i klimadommen. Domstolen kunne ha valt å resonnera ganske annleis om § 112. Ikkje på grunn av historia, for ingen av sakene som er nemnt her er direkte relevante for klimadommen. Men fordi domstolen ikkje er bunden av historia på eit nytt felt som klima. Det har ingenting med å tru på julenissen å gjera. Det er rein, rettsleg realpolitikk.