Tilsynsrolla til Noregs Banks representantskap har ein rettmessig plass i Grunnlova av di representantskapet si rolle som tilsynsorgan på vegne av Stortinget er grunnleggjande for maktfordelinga. Det er ikkje storleiken på  representantskapet men tilsynsoppgåva som gjer ei grunnlovsfesting naturleg.

Noregs Banks representantskap har heilt sidan 1816 bestått av medlemmer valde av Stortinget. Hovudstyret og representantskapet er dei leiande organa i banken. Samstundes er representantskapet ein vedvarande del av Stortingets oppsyn med pengestellet i riket.

Noregs Banks representantskap fører kontroll på vegne av Stortinget. Representantskapet har i stor grad same rolle og funksjon som Riksrevisjonen og Sivilombodet som er omtala i Grunnlova. Alle desse organa er eit verkemiddel i Stortingets kontroll. Difor vil ei grunnlovsfesting av representantskapets tilsynsoppgåve utvikla Grunnlova mot å gje eit meir presist oversyn over dei stortingsorgana som inngår i Stortingets kontrollfunksjon.

Ein samla finanskomite la i handsaminga av ny sentralbanklov vekt på kor viktig den demokratiske kontrollen er. Representantskapets rolle gjer at Riksrevisjonen ikkje treng byggje opp eit eige kontrollapparat på dette området. Ei grunnlovsendring no ville ha sytt for å unngå lovendringar og praksis om kan vere til hinder for eit effektivt tilsyn med Noregs Bank og over tid verna om representantskapets oppgåver på vegne av Stortinget.