Leiaren i Dommerforeningen (DnD) gjekk søndag i rette med NTL si forståing av innhaldet i embetsvernet. DnD meiner at domstolleiarar i små og mellomstore domstolar ikkje har same embetsvern som i store domstolar. I praksis skulle det bety at sorenskrivarane i Oslo og Bergen har eit sterkare embetsvern enn det eksempelvis høgsterettsjustitiarius og leiaren av Arbeidsretten har. Dette er eit standpunkt som NTL ikkje finn støtte for i rettskjeldene.
Funksjonen til embetsvernet er ikkje å sikre overtalige domstolleiarar full løn utan arbeidsplikt, sjølv om ei slik anten eller løysing kan verte konsekvensen om spørsmålet skulle hamne i domstolane. Funksjonen er å sikre domstolane sin uavhengighet gjennom at staten ikkje skal kunne omgå vernet mot administrativ oppseiing ved å bruke omorganiseringar til å degradere eller overflytte domstolleiarar. Mellom medlemmene til NTL er det fleire domstolleiarar som ikkje har nådd opp i konkurransen om dei nye domstolleiarstillingane. Det gjev ikkje i seg sjølv grunn til uro. Det gjer det derimot at vi har sett døme på at det i innstillingsprosessen har blitt trekt fram at dei har vore motstandarar av reforma og at det har blitt gitt uriktige opplysningar om tidlegare leiarprestasjonar. Slikt kan lett bli tolka som signal til norske domstolleiarar om korleis dei må opptre i framtida om dei framleis skal sitje trygt i stolen.
Ved førre store domstolsreform hadde DnD same standpunkt til innhaldet i embetsvernet som NTL. Det var bakgrunnen for Strukturgruppedommaravtalen mellom Juristforbundet og Domstolsadministrasjonen (DA) i 2003. Den representerte ei mellomløysing som både ivaretok domstolane sin uavhengighet, arbeidssituasjonen til dei overtalige og omsynet til staten. Kva i rettskjeldesituasjonen som har endra seg frå 2003 til i dag, og som gjer at DnD no har skifta syn, er uklårt for NTL. Vidare er det uklårt kva rettsleg grunnlag DnD i dag byggjer kravet om nye arbeidsavtalar på. Om det er regjeringa og DA sin velvilje, treng det ikkje vere slik at velviljen rekk like langt for alle overtalige. Felles forhandlingar ville ha sikra likebehandling. Det har ikkje DnD ynskt.
For NTL er det sentrale at embetsvernet skal markerast gjennom at dei overtalige har rettskrav på nye arbeidsavtalar som regjeringa/DA ikkje einsidig skal kunne diktere innhaldet av. Ved ei slik løysing vil det ikkje vere ei praktisk problemstilling at overtalige skal heve full løn utan arbeidsplikt. Dei domstolleiarane som ikkje har særskilde utfordringar, mellom anna med alder og helse, ynskjer å halde fram å arbeide i domstolane. NTL meiner det er fullt mogeleg å få til rimelege og balanserte løysingar med utganspunkt i dette. Diverre har DnD si lite prinsipielle tilnærming, gjort det vanskelegare å kome i mål utan at rekkjevidda av embetsvernet kjem på spissen.