Det er ikkje eit teikn på anarki og oppløysing når Borgarting lagmannsrett ikkje utan vidare rettar seg etter ei avgjerd av ankeutvalet til Høgsterett, og lagmann Hans-Petter Jahre går ut og hevdar offentleg at ankeutvalet tek feil og misforstår rettskjeldene.

I staden er det i tråd med norsk rettstradisjon, og eit teikn på at lagmannsrettane er i ferd med å aksla den rolla rettsutviklinga dei siste tiåra har ført dei inn i. Det er òg eigna til å fremma rettsutvikling.

Les om Jahres kommentar her

Rettshistoria

For å forstå denne tilsynelatande kontroversen mellom Borgarting og Høgsterett, må ein fyrst sjå hen til eit særtrekk ved norsk rettshistorie.

Den ankeordninga som framleis utgjer eit fundamentalt trekk ved det norske rettssystemet, vart oppretta i 1590. Føremålet med ordninga var å sikra sentralmakta i København kontroll med norske lokale og regionale domstolar, og slik trygga rettseinskap. Styrken til ordninga skulle visa seg å vera at den opna for dialog mellom lågare og høgare domstolar. Kort fortalt vil det i praksis seia at kunnskap som sikra rettseinskap vart kommunisert nedover i domstolshierarkivet i form av prejudikat, og kunnskap om utfordringar ved rettsbruken vart kommunisert oppgåver i form av ankesaker.

Delvis fordi det norske rettssystemet sine ankestrukturar har vorte nytta til dialog mellom lågare og høgare domstolar, har det utvikla seg ganske naturleg ein liknande mekanisme når det gjeld transnasjonal rett. Nasjonale domstolar står i ein dialog med transnasjonale domstolar som Menneskerettsdomstolen i Strasbourg og EFTA-domstolen i Luxembourg. Dei siste tiåra har Høgsterett vist veg i ei utvikling der nasjonale domstolar har gått frå å vera mottakarar av rett, til å forma sine avgjerder som utspel om korleis transnasjonal retten bør vera. I den samanhengen kan ein særleg nemna STX-saka frå 2013, men Lillo-Stenberg/Sæther-saka frå 2008 og Rolfsen-saka frå 2015 er òg på sin måte dialogutspel frå Høgsterett.

På denne bakgrunnen er ikkje Frostating si avvising av ei rådgjevande utsegn frå EFTA-domstolen i oktober 2017, og Borgarting lagmannsrett si avvising at ei avgjerd frå Ankeutvalet til Høgsterett mars 2018, så oppsiktsvekkjande. I begge tilfelle nyttar lagmannsrettane seg av den dialogfunksjonen ankesystemet har hatt sidan 1590 til å varsla oppover i systemet korleis dei meiner retten bør vera å forstå. Ein slik praksis er eigna til å gje ei betre rettsutvikling.

Situasjonen i dag

Det er ikkje slik at alt som er i tråd med historia er bra. Men rettsutviklinga dei siste tiåra støttar under at lagmannsrettane tek på seg ei oppgåva som aktiv dialogpartnar med overordna domstolar.

Dersom vi fyrst bare ser på situasjonen for Noreg internt, så har Høgsterett sidan 1995 hatt høve til i stor grad å kontrollera eigen saksmasse. Dette høvet har Høgsterett nytta til å redusera eigen saksportofølgje frå over 300 saker i året litt over 100. Sjølv om desse litt over 100 dommane er meir utførlege og meir mynta på å òg løysa framtidige saker, er dette for lite til å gje den rettleiinga som rettssystemet treng. Dess viktigare har lagmannsrettane si verksemd vorte.

Lagmannsrettane sine avgjerder vert meir og meir brukt som retningsgjevande i det praktiske rettsliv, sjølv om dei ikkje har ein prejudikatsfunksjon. Med dette følgjer det eit ansvar for å vera sikker på at ein brukar retten rett, at ein brukar den likt med andre lagmannsrettar, og at den vert bruka på ein måte som gjev gode resultat. Å utfordra Høgsterett er i den samanhengen eit veleigna instrument til å få ein dialog som gjer at ein kan oppnå dette. Sjølv om situasjonen ikkje er parallell, så gjer altså Høgsterett dette sjølv i høve til transnasjonale domstolar for å påverka rettsutviklinga.

Meiningsytringar

Ankesystemet har historisk hatt, og bør i vår samtid ha rettsleg dialog som ein av sine funksjonar. Samstundes bør dommarar òg gje uttrykk for sine synspunkt i andre media enn bare dommar. På dette feltet har einskilde høgsterettsdommarar gått føre, og både gjennom artiklar og føredrag hevda sin synspunkt. Dette har vore viktig for at sentrale trekk ved den rettslege diskusjonen i Noreg ikkje skal lukka inn i den indre sirkelen av høgare embetsmenn i hovudstaden.

Ein god og open rettsleg diskusjon treng langt fleire stemmer, og vil til dømes tena stort på at lagdommarar òg deltek. For rettseinskap lid ikkje under rettsleg diskusjon, men rettsutviklinga profitterer på den.