Solveig Brunvoll kom i Rett24 med ei tydeleg oppmoding til alle som jobbar ved juridisk fakultet ved Universitet i Oslo. Ho skriv til slutt i innlegget:

«Kjære professorar, førsteamanuensisar, bibliotektilsette og alle som skal kommunisere faget juss med andre: Ver så snill, ikkje snakk ned nynorsken! Å halde på målforma si er vanskeleg nok frå før.»

Les: Har nynorsken ein plass i jussutdanninga?

Hovudbodskapen min er at eg sjølvsagt støttar oppmodinga. Vi skal ikkje snakke ned nynorsken, dialektar andre språk eller grupper. I alle høve ikkje i undervisningssamanheng!

Kollegaene mine som ikkje har nynorsk som hovudmål skal sleppa å driva målsak i arbeidet sitt, det gjer heller ikkje eg.

Tek du deg arbeid på eit universitet må du likevel ha ei medviten, kanskje omsett til fleire sin daglegtale «reflektert», haldning til kva du vel å seia og ytra deg om i undervisningssamanheng. Eg kan ikkje styra kva «sukk og stønn» mine gode kollegaer kjem med i undervisninga. 

Likevel kan eg meine noko om slike negative utsegner om det nynorske skriftspråket.

For det første er det vanskeleg å forstå at undervisarane ikkje ser at dei kan støyte nokon av tilhøyrarane dei har i klassen, kurset eller forelesingssalen. Ville du sagt det same om du hadde tenkt på at du risikerte å så tvil i studentane i forelesingssalen eller gruppa di om dei skal bruke hovudmålet sitt i studiane? Eller tenkte du at det ikkje var så farleg fordi det ikkje gjeld så mange?

For det andre er det vanskeleg å forstå at ein undervisar vil vera med å byggja ukultur, og vil delta i å gjera handlerommet enno smalare enn det er for dei studentane våre som ynskjer å bruke nynorsken. For vi ynskjer vel at studentane våre skal bli flinkast mogleg?

For det tredje er de med på å oppretthalde ei umoden og lite tolerant tilnærming til nynorsk, og eg vil med det tru også dialektbruk. Gjennom tilliten de elles nyt godt av, er de altså med på å legitimere at det er greitt å vera negativ til nynorsk. Medan me elles, takk og lov, har byrja å læra at det ikkje er ok å kaste ut grums om andre grupper i tide og utide, er de med på oppretthalde at når det gjeld nynorsk – ja, så er det heilt ok å slenge litt med leppa.

For det fjerde lurer eg på om det kunne vera ein idé å heller stimulere til læringslyst og pågangsmot enn å demonstrere eigen uvilje. Nynorske lover, og andre juridiske kjelder skal, og vil studentane våre møte både i studiane og i arbeidslivet. Akkurat som alle praktiserande juristar i dette landet gjer det. Vi på universiteta og høgskulane er ikkje noko unntak. Slett ikkje dumt å vera godt førebudd på at slik er verda! Tolking av tekstar er ein av hovudaktivitetane for studentane våre. Nokre av desse tekstane er altså på nynorsk. Mykje godt næringsliv i Noregs land held dessutan til i deler av landet der både nynorsk og dialektar kan dukka opp. Pass på!

Til slutt det femte, nemleg § 6 i mållova. For deg som ikkje gidd slå opp, eller synest det er litt meir slitsamt fordi lova er på nynorsk: «Statsorgan skal svare på skriv frå private rettssubjekt i den målforma som er nytta i skrivet. Dersom ein ikkje kjenner språkønsket til vedkommande, står statsorganet fritt i val av målform. Frå statsorgan kan private rettssubjekt krevje ei viss målform i alle løyve, faste formularar o.l. som direkte gjeld dei sjølve.» Lova talar i grunn for seg sjølv. Jobb i det offentlege krev altså kompetanse i nynorsk. Og om nokon ikkje har fått det med seg, så er det altså slik at studentane har krav på å få eksamensoppgåver på nynorsk om dei ynskjer det.

Så kan ein berre undra seg over kvifor det er mogleg å kombinere imaget som «ein lærd» eller «intellektuell» med slike utsegner og haldingar som Brunvoll skildra. For det gjer vel det?