Vi har ledig et to-års vikariat som rådgjevar i Juridisk seksjon i Politiavdelinga.
Seksjonen har ansvar for utredning av juridiske spørsmål og for regelverksutvikling på Politiavdelingas område. Sentrale lover vi forvaltar er politilova, politiregisterlova, våpenlova, passlova og grenselova. Videre har seksjonen ansvar for at norske interesser sikrast innanfor Schengen-samarbeidet, anna politisamarbeid med EU, vidareutviklinga av det nordiske politisamarbeidet og for andre forhandlingar om bilateralt politisamarbeid.
Godt regelverk er sentralt i utviklinga og styringa av politiet. Endringar i kriminalitetsbildet, særleg relatert til cyberkriminalitet og politiets bruk av teknologi, krev regelverksendringar for å sikre meir effektiv kamp mot kriminalitet. Hos oss vil du få utfordrande og varierte juridiske oppgåver, med hovudvekt på nasjonalt og internasjonalt regelutviklingsarbeid. Du vil som del av seksjonen medverke til utvikling av rammeverket for politietaten.
Arbeidsoppgåver
Du vil få jobbe med:
- regelverksutvikling knytt til Schengen-samarbeidet og andre internasjonale avtaler
- lov- og anna regelverksutvikling knytt til politiet og Politiets tryggingsteneste (PST)
- utgreiing av ulike juridiske spørsmål
- forvaltningsoppgåver (klagesaker)
Oppgåvene dine i seksjonen og i avdelinga vil avhenge av kvalifikasjonar og behov.
Kvalifikasjoner
Du må ha:
- juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap med gode resultat
- god framstillingsevne både munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
Vi søker deg som har gode analytiske evner og interesse for utvikling av regelverk som verktøy for styring. Du må evne å jobbe sjølvstendig, men også vere fleksibel og samarbeide godt med andre både internt i avdelinga og departementet, med andre departement, underliggande etatar mfl.
Det er ønskeleg at du har:
- noko erfaring frå utgreiing- og regelverksarbeid - gjerne også internasjonale regelverksprosessar - og offentleg verksemd
- forståing for behov for samspel og samanheng mellom juss og teknologi
- språkkunnskapar utover engelsk
Hva får du hos oss?
- spennande og utfordrande juridiske oppgåver i eit ungt og hyggjeleg miljø med dyktige kollegaer
- fagleg utvikling og sjølvstende i arbeidet
- eit unikt innblikk i politiske prosessar
- gode forsikrings- og pensjonsordningar med medlemskap i Statens pensjonskasse, eiga bedriftshelseteneste, treningstilbod/bedriftsidrettslag, hyggjeleg kantine
Les meir om å jobbe i JD her.
Løn: 600 000 - 700 000
Stilling og løn avheng av erfaring og kvalifikasjonar. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert. Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Klarering:
Stillinga krev tryggleiksklarering og autorisasjon på nivå HEMMELEG og NATO SECRET. Sjå: Se Sivil klareringsmyndighet
Slik søker du
Du sender søknad elektronisk gjennom lenka "Søk her" på denne sida. Legg ved vitnemål og eventuelle attestar. Etter søknadsfristen blir det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. I samsvar med offentleglova § 25 må søkjarane vera merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om dei oppmodar om ikkje å bli førte opp på den offentlege søkjarlista.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av til dømes kjøn, eventuelle funksjonshemmingar, etnisk bakgrunn eller fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring. Slike opplysningar kan bli brukte til registreringsføremål.
Spørsmål om stillinga
- Dag Egil Adamsen
Avdelingsdirektør
Telefon: 97554949
E-post: [email protected]
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke og vil ha tilsette med ulik kompetanse og livserfaring og ulike perspektiv. Vi vil leggje til rette for tilsette som har behov for det.