Det vekte reaksjonar når justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl i diskusjonen om reversering av domstolsreforma nyleg hevda at det er «et sterkt behov Norge for å lytte mer til vanlige folk, og mindre til ekspertene». Påstanden utfordrar ein styrke ved rettsordninga vår.
Rettsordninga er kompleks. Vi kan studere og vurdere den frå fleire ulike perspektiv, som alle let oss sjå viktige sider av den. Frå eitt perspektiv er rettsordninga eit institusjonelt system, samansett av ei rekke ulike institusjonar, basert på ein grunnleggande idé om maktfordeling mellom lovgjeving, domstol og forvalting. Men kvar av desse greinene er òg komplekse, slik til dømes domstolsordninga er eit system av domstolar – med reglar knytt til seg som regulerer deira samansetting, kompetanse og arbeidsmåte.
Akademiske bidrag
Rettsordninga er i så måte òg eit komplekst regelsystem, med Grunnlova som kjelde for dei andre lovene og reguleringane, heilt ned til lokale forskrifter og avgjerder som vert treft ut i frå desse. Desse ulike reguleringane heng saman og samspelar på komplekse vis, slik til dømes straffelova heng nært saman med så vel Grunnlova, straffeprosesslova som både offentlegrettsleg og privatrettsleg regulering av til dømes retten til eigedom. Når ein òg legg dei internasjonale dimensjonane til, så kan det vere krevjande å halde oversyn og ordning her.
Men i så måte hjelp det ikkje minst at rettsordninga òg er eit kunnskapssystem, med sin indre logikk, struktur, føremål og idear. Dei reglane vi har avspeglar historiske diskusjonar og undersøkingar av grunnleggande normative så vel som faktiske trekk ved samfunnet. Eigedomsretten har vore diskutert så langt tilbake som i alle fall romarretten, og diskusjonar av dei prinsippa for straffansvar som vi framleis bygger på, finn ein hjå Aristoteles. Dei akademiske bidraga til vår rettsordning, som har studert, framstilt og diskutert retten og utviklinga av den, har i så måte vore viktige. Det har lagt til rette for at vi kontinuerleg har kunna utvikla og tilpassa rettsordninga til samfunnsutviklinga og nye utfordringar den har brakt med seg. I institusjonane er det juristar som har gått igjennom ei lengre utdanning med tanke på å forstå, tolke og bruke rettsreglane i tråd med den utforminga og dei intensjonane som lovgjevar har vedteke dei ut ifrå.
Men i så måte er òg rettsordninga vår ein heilt sentral del av vårt demokrati: Ideen om den demokratiske rettsstaten bygger nettopp på at rettsordninga er av og for folket og eit verkemiddel for politikken. Grunnlova garanterer den einskilde grunnleggande rettar slik som ytringsfridomen, organiserer maktapparatet i samfunnet som eit demokrati og gjer lovgjeving til eit av dei viktigaste politiske instrumenta. Det er òg det grunnleggande utgangspunktet for juristen, som nettopp arbeider ut frå lovgjevar si avgjerd – lova, ordlyden i den og førearbeida til den.
Ikkje heilt som anna politikk
Nettopp denne kompleksiteten som her er skildra er den viktigaste kvaliteten med rettsordninga vår. Måten ein over tusen av år av europeisk rettshistorie har klart å utvikle eit kunnskapsinformert normativt og institusjonelt rammeverk for å integrere samfunnsdeltakarane i ein felles normativ og institusjonell samfunnsstruktur, er det ikkje anna enn å bøye seg i støvet for. Sjølv om den er langt frå perfekt, slik tvangsmiddelbruken på narkotikafeltet er eit aktuelt døme på, er rettsordninga framleis grunnlaget for vårt samfunn og eit fredelege samliv, og har vore essensielt for å nå det nivået av velferd som vi har nådd og som vi nyt godt av. Denne utviklinga bør i alle fall ikkje reverserast. Vitnesbyrd om kvar det kan leie har vi diverre mange av, både historisk og i vår samtid.
Å styre samfunnet, rettsordninga inkludert, er naturlegvis politikken sitt domene. Men det er samstundes grunn til å minne om at politikk på dette området ikkje er heilt som anna politikk, for på noko nivå handlar det om å rå over det som er politikken sine eigne føresetnader og grunnlag. Ein justisminister, og den kompetansen den har, eksisterer berre i kraft av Grunnlova.
Den lova er ikkje berre eit abstrakt juridisk regelverk, men like mykje eit uttrykk for ei livsform som grunnleggande sett tener oss godt – der individ og samfunn, politikk og kunnskap, rettvise og makt får samverke til det felles beste. Det er kvalitetar som vi alle, ikkje minst vår justisminister og andre leiande justispolitikarar, i dag bør hegne om. Det er det som på sikt tener folk flest – oss alle – best.
Vi har som samfunn store utfordringar framfor oss. La oss ikkje bryte ned dei kvalitetane ved rettsordninga vår som gjer det mogleg for oss å løyse dei, men heller spele saman for å styrke dei.