Svar til Sivilombodet i Rett24: Eit tiår med lovbrot mot barn
Ungdomseining Vest (UE Vest) ligg til undertegna sitt ansvarsområde. Innlegget er difor skrive med utgangspunkt i erfaringar derifrå.
Sivilombodet er uroa for bruken av sikkerheitscelle ved ungdomseiningane i kriminalomsorga, og gjentek skarp kritikk i sin rapport som nyleg vart gjort offentleg. Kriminalomsorga tek Sivilombodet sin kritikk på høgaste alvor, og det er rom for forbetringar! Samstundes er det viktige moment som ikkje kjem fram i nokon rapportar.
Nevner ikkje forbetringa
La to ting vere heilt klårt:
1. Kriminalomsorga har eit enormt stort ansvar for å redusera bruken av tvangsmiddel mot barn (og vaksne) og eit ansvar for at vedtak vert fatta i tråd med lova. Dette ansvaret tek vi!
2. «Barnets beste» vert vurdert av tilsette i Kriminalomsorga rundt kvar einaste mindreårige kvar einaste dag - sjølv om det ikkje alltid har gått like tydeleg fram av den skriftlege dokumentasjonen. Dokumentasjonen må utvilsamt verte betre.
Det har vore gjort eit omfattande arbeid etter at Sivilombodet var på besøk i mai 2025. Den nylege rapporten frå Sivilombodet nevner ikkje denne forbetringa med eit einaste ord.
I sine to rapportar om bruk av sikkerheitscelle ved ungdomseiningane har sivilombodet berre sett på nettopp det – bruk av sikkerheitscelle - ikkje på heile drifta av eininga. Når det etterlatne inntrykket er at vi driv lovstridig og krenkar mindreårige sine menneskerettar er det difor viktig for kriminalomsorga å gripe fatt i det!
Farlege situasjonar
Kvar dag gjer tilsette ved ungdomseiningane ein viktig jobb med å gje omsorg, setje grenser, motivere, rettleie, hjelpe, leggje til rette og tilby ei form for normalitet til mindreårige som har utført alvorleg kriminalitet. Så alvorleg kriminalitet at domstolen har funne at det er særleg påkrevd, tvingane naudsynt og som siste utveg å setje den mindreårige i fengsel. Det tyder at andre tiltak, til dømes tiltak i barnevernet, ikkje er nok. Nokre av desse mindreårige kjem frå tiltak i barnevernet der det er fem vaksne som jobbar tett med ein mindreårig, til eit fengsel der utgangspunktet etter lova er at alle dei mindreårige skal ha fellesskap med kvarandre.
Kvar dag er dei tilsette i Kriminalomsorga tilstades og sørgar for at situasjonar ikkje kjem ut av kontroll og avvergar at det er naudsynt å utelukke nokon frå fellesskapet, sånn at ingen vert skadd. Kriminalomsorga har og ansvar for å verne og ivareta dei andre mindreårige som er innsett i fengsel mot å verte utsette for vald frå medinnsette, og å verte vitne til sjølvskading.
Vi saknar at Sivilombodet anerkjenner at tilsette ved ungdomseiningane ofte står ovanfor svært vanskelege valg og potensielt farlege situasjonar.
Fortener anerkjenning
I media les vi kvar dag at kriminalitet begått av barn og unge vert meir og meir alvorleg, grenselaus og farleg. Nye permanente ungdomseiningar vert utreda for å gjere plass til mange fleire mindreårige i fengsel. Mindreårige som skremmer jamaldrande og andre, og utfordrar tryggleiken i samfunnet med vald, våpen og trugsmål.
Det er desse mindreårige som skal handterast av dei tilsette i ungdomseiningane, kvar einaste dag. Og dei fortener anerkjenning for arbeidet dei gjer i dag, ikkje berre eit fokus på det som skjedde bakover i tid.
Og ja – det er utan tvil slik at desse ungdommane har vore utsett for traumer, omsorgssvikt, overgrep og vald før dei kom i fengsel. Det er difor dei tilsette ved ungdomseininga driv med traumebasert omsorg, legg til rette for skulegong mv – for å gjere det tryggare for samfunnet når ungdommane vert lauslatne frå fengsel.