Les tidligere kronikker i denne debatten:

Fauchald og Schøning argumenterer i sitt svar med at det ikkje var meining med ei full gjennomgang av saka i artikkelen, men å peike på sentrale rettshøve som dei meiner ikkje har blitt tekne i vare i sakshandsaminga. Verkeleg?

Det Schønning og Fauchald faktisk hevda, og som eg søkte å opplyse kring, var at «løyve til deponi ikkje var og ikkje kan bli lovleg». Når dei nemner berre ein av to moglege unntaksheimlar, der heimelen som blir nemnt ikkje kan nyttast i saka, er det framleis lite opplysande.

Kva er det vi drøftar?

Konklusjonar er det Schøning og  Fauchald som dreg. Hovudpoenget mitt er ikkje å konkludere med at heimelen kan brukast i saka, som dei synest å oppfatte, men aleine å vise at det mest nærliggande er å vurdere saka ut frå unntaksheimelen knytt til endringar i fysiske eigenskapar («characteristics») i vassførekomsten.

At dei i sitt svar dreg inn kva som ligg i omgrepet miljøsvekking (bokmål: forringelse) er ikkje naudsynt for det vi no diskuterer. Weser-dommen er vel kjend og har for våre spørsmål berre relevans med omsyn til om unntak etter artikkel 4 (7 ) er naudsynt. Det er ein annan diskusjon, men eg kan igjen syne til uttala mi i Energi og Klima Dumpinga i Førdefjorden kan framleis bli godkjend  (lenka fanst også i førre innlegg). Dersom tiltaket ikkje har verknader som svekkar miljøtilstanden, eller set det å nå miljømåla som er fastsett etter direktivet i fare, så treng ein ikkje bruke unntaksheimelen.

Vidare slår Fauchald og Schøning mynt på dei nyleg vedtekne unntaksheimlane og at desse ikkje kan nyttast. Det var helle ikkje min påstand at dei er direkte er relevante for Engebøsaka. Poenget var å opplyse både innleggsforfattarane og andre lesararar litt om konteksten, som er relevant for saker som dette. Regelendringane og dei ulike presiseringane og råda i ein nyleg publisert rettleiar, motivert av RESource EU, seier noko om korleis EU ser på samspelet mellom kva utfordringar vi har i samfunnet, og miljøreglane.

Om tolking av unntaksføresegna

Fauchald og Schøning avviser no kategorisk bruk av heimelen om endringar i dei fysiske karakteristikkane til vassførekomsten jf. direktivet artikkel 4 (7) første strekpunkt, med grunnlag i ei ordlydstolking. Vidare i teksten kjem det likevel fram lite om kvifor dei tolkar som dei gjer, men dei meiner openbart at føresegna berre kan gjelde tiltak som har til føremål å gjere fysiske endringar i ein vassførekomst.  

Dei legg til grunn at sidan «hensikten» med tiltaket ikkje er ei fysisk endring i vassførekomsten, så er heller ikkje bruk av heimelen relevant. Dette er eit vilkår eller ei tolking det er vanskeleg å finne grunnlag for i rettskjeldene.

Byggjer tilnærminga til forfattarane på at dei legg til grunn at eit slikt tiltak som endrar dei fysiske karakteristikkane i vassdraget ikkje kan ha andre verknader enn det tiltaket i seg sjølv gir?

Heile inngangen til spørsmålet om at det er nødvendig med bruk av unntaksheimlar i denne samanhengen er altså at den økologiske tilstanden i vassførekomsten blir svekka, eller står i fare for å bli svekka på grunn av endringar i dei fysiske eigenskapane/karakteristikkane ved vassførekomsten. Det betyr altså at det er på det reine at tiltaket kan ha verknader utover sjølve det fysiske inngrepet. Slike verknader kan kome aleine akkurat der tiltaket finn stad, eller det kan spreie seg også til andre vassførekomstar. Ein må nytta unntaksføresegna for dei vassførekomstane der påverknadene kjem.

For tiltak som kan hindre at ein ikkje når god kjemisk status kan uansett ikkje unntaksføresegnene for overflatevatn nyttast.

Til sist er det forvaltninga som skal ta stilling til om heimelen må og kan nyttast. Eg har ikkje til føremål å føregripe denne avgjerda, men berre å peike på at spørsmåla og svara er meir opne enn det Fauchald og Schøning gir inntrykk av.

Takk for diskusjonen!