Unni Sandbukt og Henrik Rode Evensen avfeiar all kritikk ved å peike på at fleirtalet i Domstolskommisjonen har føreslått å vidareføre dommarfullmektigordninga som ei utdanningsstilling. Jau, men det betyr ikkje at framtidas dommarfullmektigordning må vere nesten lik dagens ordning.
Då spør eg heller oppdragsgjevar: Kva meiner Domstolsadministrasjonen om dommarfullmektigordninga? Er mellombels dommarar på treårskontraktar uavhengige dommarar? Er det greitt at ein av fire tingrettsdommarar står i slike stillingar?
Bekymringsmelding
Domstolsadministrasjonen er vanlegvis særs oppteken av å verne prinsippet om uavhengige domstolar og dommarar. Domstolsadministrasjonen har på førebiletleg vis stoppa samarbeidet med Polen om EØS-midlar som følgje av svekkinga av domstolanes sjølvstende der.
Her heime skal det lite til før Domstolsadministrasjonen dreg sjølvstendekortet. I fjor haust meinte Domstolsadministrasjonen at budsjettkutt og fordeling av domstolsbudsjettet på fleire budsjettkapittel trugar domstolanes sjølvstende. Dette førte til at alle domstolleiarane i kongeriket, inkludert Unni Sandbukt, sendte bekymringsmelding til Stortinget der dei uttalte at «Budsjettet vil svekke domstolenes uavhengighet som den tredje statsmakt».
Ei betre ordning?
Dersom plasseringa i statsbudsjettet trugar domstolanes sjølvstende, så bør alarmklokkene ringe ettertrykkeleg når nokon føreslår at ein av fire tingrettsdommarar ikkje skal få nyte godt av det som internasjonale standardar seier er det aller viktigaste elementet i dommaranes sjølvstende: Stillingsvern i form av fast stilling til pensjonsalder. Men nei. Ikkje ein lyd å høyre frå verken Domstolsadministrasjonen eller domstolleiarane. Forventar dei at Stortinget skal ta bekymringsmeldingar om domstolanes sjølvstende seriøst, når domstolane sjølve ikkje har nokon innvendingar mot massiv bruk av mellombelse dommarar?
Fleirtalet i Domstolskommisjonen har gått inn for å vidareføre dommarfullmektigordninga. Det er greitt, men i staden for å sminke den eksisterande ordninga, er det mogleg å tenkje litt nytt. Kvifor ikkje spørje: Er det mogleg å lage ei betre ordning?
Vil det ikkje vere betre for rekrutteringa til domstolane om dommarfullmektigane blir fast tilsette og går inn i eit utdanningsløp som fører fram til fast embete? Er det heldig for rekrutteringa til domstolane å insistere på at dommarfullmektigane på død og liv skal ut av domstolane etter tre år? Det er ein logikk som ikkje gjev meining i andre sektorar. Ein lege i spesialisering må ikkje slutte etter at spesialiseringa er fullført. Kvifor kan vi ikkje gjere som legane og gje autorisasjon som dommar etter fem år som dommarfullmektig?
Hoppar av
Sandbukt og Rode Evensen peiker sjølv på at dei fleste dommarfullmektigar sluttar etter halvanna år i stillinga. Det kan skuldast løn, men det kan også skuldast at dei uansett må ut av domstolane etter kort tid. Då er det freistande å hoppe på attraktive jobbtilbod når dei kjem. Og det at dommarfullmektigane er på jobbjakt medan dei sit i stillinga, er i seg sjølv uheldig i eit sjølvstendeperspektiv.
Det at dei fleste dommarfullmektigane hoppar av opplæringsløpet slår også bein under påstanden om at stillinga er ei utdanningsstilling. Dersom over 80 prosent av dei halvstuderte dommarfullmektigane kjem tilbake som dommarar i framtida, er dei då ferdig opplært og kvalifisert til stillinga? Eller er det andre kvalifikasjonar enn dommarfullmektigerfaring som er avgjerande?
No når dommarfullmektigordninga skal reformerast, er det mogleg å tenkje gjennom på nytt kva kvalifikasjonskrav vi skal stille til framtidas dommarar. Eg spør: Dersom dommarfullmektig er ei utdanningsstilling, kvifor skal personar utan denne utdanninga vere kvalifisert som dommarar?