Deleutredningen om domstolsstruktur ble avgitt i fjor høst, mens den overordnede domstols-NOUen skal overleveres 30. september.
Vårens debatt om domstolsstruktur var hard. Den kan bere bod om at vi vil få eit polarisert og lite konstruktivt ordskifte når Domstolskommisjonen legg fram hovudutgreiinga si til hausten. Det vil i tilfelle vere synd. Mandatet gjeld maktfordelinga mellom domstolane og dei andre statsmaktene. I tillegg handlar det om kva krav Domstolsadministrasjonen [DA] kan stille til dei einskilde domstolane og domstolsleiarane og kva styringsrett domstolsleiar skal ha med einskilddommarar.
Dette er viktige spørsmål og fortener diskusjonar som er mildare i form og sterkare i innhald enn når situasjonen for domstolane i Polen og Ungarn får ein sentral plass. Å argumentere med den rettsstatlege krisa der, kan kanskje vere eit freistande retorisk grep for å få gjennomslag i heimlege justisdebattar. Det kan likevel også ha den utilsikta konsekvensen at det reduserer forståinga av alvoret i situasjonen til dommarar og domstolar i desse landa. Det skal eg la ligge. I denne samanhengen avgrensar eg meg til å peike på at stadige tilvisingar til domstolane i statar med ei politisk historie som skil seg grunnleggande frå den norske, kan motverke ei drøfting av meir presserande problemstillingar. Når vi skal snakke om dei, vil det truleg vere langt meir fruktbart å trekke på røynslene til domstolane i statar med lengre demokratiske og rettsstatlege tradisjonar, slik som dei skandinaviske, britiske og tyske.
På eit overordna plan håpar eg debatten om hovudutgreiinga til Domstolskommisjonen vil handle om tilhøvet mellom rett og politikk. Som dommar i EMD, Arnfinn Bårdsen, peika på allereie i 2015, har Den europeiske menneskerettskonvensjonen [EMK] og EØS-avtalen endra på det. Europeiseringa har medført at domstolane våre, i større grad enn nokon gong, må prøve lover og forvaltningsvedtak opp mot vage og generelle rettsprinsipp. Nyare grunnlovsføresegnar har forsterka det, og problemstillinga vert ikkje borte ved at ein prøver å presisere omfanget av prøvingsretten. Utviklinga gjer lover og forvaltningsvedtak til mindre effektive styringsinstrument. I tillegg flyttar ho, eit stykke på veg, politiske avvegingar frå folkevalde organ og byråkratiet og over i domstolane. Det er tydelegast for Høgsterett som no har valt å konsentrere verksemda si om rettsavklaring og rettsutvikling. Det gjeld likevel ikkje mindre for ting- og lagmannsrettane som må gjennomføre tilsvarande prøvingar og avvegingar. Dei har på mange måtar også ei meir krevjande oppgåve. Dei må ta stilling til alle dei bevis- og rettsspørsmåla som sakene til pådømming reiser. I motsetnad til Høgstrett, kan dei ikkje avgrense seg til å ta stilling til rettsspørsmål for deler av sakstilhøve eller fragment av rettskrav.
Ei utvikling i retning av at politiske avvegingar i større grad skjer i domstolane, aktualiserer spørsmålet om kva faglege eigenskapar dommarar bør ha. Ser vi framleis etter dei som er best til å fastlegge faktum og rettsreglar og bruke dei på ulike livsområde, eller ser vi no etter slike som klarer å sameine ei djupare politisk forståing med dynamikken og dei skiftande politiske ideologiane i dei internasjonale domstolane? Eller er kanskje det vi ser etter dommarar som signaliserer bestemte haldningar til rettsleggjeringa, til dømes er handlingsrom-orienterte, integrasjonistiske eller opptekne av å bygge inn tryggleiksmarginar mot konvensjonsbrot?
I forlenginga av spørsmålet om kva dommarar vi vil ha, ligg spørsmålet om kven som bør utnemne dei. I dag skjer det av Kongen i statsråd etter innstilling frå Justisdepartementet, men likevel slik at avgjerda reelt blir treft av eit innstillingsråd i tett samarbeid med domstolsleiar. Det kan vere fleire alternativ til dagens ordning, til dømes folkevalde dommarar, folkevalde innstillingsråd eller utnemning av Stortinget. Dommerforeningen har gått inn for ei ordning med Domstolsråd med eit fleirtal av dommarar valt av dommarar sjølv. Det kan medføre risiko for at domstolane på sikt vert sjølvsupplerande kollegium, ute av takt med politikken, men med makt til å stengje for reformer med brei politisk oppslutnad. Veneziakommisjonen tilrår likevel variantar av Domstolsråd i nye demokrati med svake rettsstatstradisjonar. I land med lengre rettsstatstradisjonar, vert derimot ordningar med større grad av involvering frå regjering eller parlament rekna som tilstrekkeleg for å sikre uavhengige domstolar. Norge høyrer opplagt til i den siste kategorien.
På eit meir underordna plan -– men ikkje desto mindre viktig for dei som er partar i saker for domstolane -– bør vi få ein debatt om spesialisering. Det er ei utvikling som er etterspurt av fleire som meiner at det vil gje høgre effektivitet og betre rettstryggleik. Motstanden mot særdomstolar ser likevel ut til å vere sterk. Det såg vi seinast i vår, gjennom Domstolskommisjonen sitt framlegg om å legge ned det siste byfogdembetet, rett nok til sterke protestar frå Advokatforeningen i Oslo. Nemnder og domstolsliknande forvaltningsorgan – nokre gonger i kombinert med rettsleg overprøving av EFTA-domstolen heller enn norske domstolar – ser det ut til å vere mindre motstand mot. For Domstolskommisjonen sitt arbeid, verkar Justisdepartementet likevel å ha innretta mandatet mot den forma for spesialisering som ligg i at domstolsleiar skal peike ut dei dommarane han vurderer at er best skikka til å handsame bestemte sakstypar. I somme land -– til dømes i Tyskland – ville nok ei slik ordning blitt sett på som eit uakseptabelt brot på tilfeldigprinsippet. Det skal sikre uavhengige og upartiske dommarar. Dette ser derimot ikkje ut til å ha vorte oppfatta som problematisk av Domstolskommisjonen. I framlegget til strukturreform vart behovet for det som der vert omtala som moderat spesialisering løfta fram som eit tungt argument for større fagmiljø. Ynskje om denne forma for spesialisering såg også ut til å vere ei medverkande årsak til at DA, i sitt høyringssvar, gjekk så sterkt inn for færre og større tingrettar.
Enno eit tilhøve som bør løftast fram, er organiseringa av arbeidet til ankedomstolane. I debatten om strukturreforma var eit argumentet for færre tingrettar at det var naudsynt for å finansiere utstyr for lyd- og biletopptak i rettssalane. Kva som er tanken med slike opptak, er likevel ikkje heilt lett å forstå. Dersom det berre er å sikre notoritet om kva som vert sagt under forhandlingane, kan dette bli godt ivaretatt med relativt rimeleg utstyr, til dømes gode diktatmaskiner. Det tyder på at tanken med lyd- og biletopptak kan vere at ankedomstolane våre skal verte ei form for kassasjonsdomstolar der ankehandsaminga i stor grad skjer ved avspeling av tingrettsforhandlingane. Dersom det er føremålet, vert krava til kvaliteten på utstyret og dermed kostnadane langt høgre. Ei slik endring reiser imidlertid også meir prinsipielle spørsmål som bør løftast fram før det blir gjort store investeringar.
For eigen del har eg ikkje tenkt ferdig om desse spørsmåla. Kompleksiteten i dei tyder likevel på at det var prematurt å prøve og fastlegge ein ny domstolsstruktur før Domstolskommisjonen hadde svart på heile mandatet sitt. Kva ein meiner om behovet for omfattande endringar i domstolsstrukturen, vil langt på veg henge saman med haldningane ein har til dei andre spørsmåla mandatet omfattar. For å få ein god debatt om det, må vi ikkje la oss freiste til å kvele eit kvart tilløp til diskusjon ved å peike på situasjonen i Polen og Ungarn.