Høyesteretts ankeutvalg nektet i mars anke i den såkalte Coca-Cola-saken. Dette er har utløst en debatt om tolkningen av begrepet reisetid. Tidligere kronikker i denne serien er:

Førbels siste innlegg i den pågåande diskusjonen på Rett24 om reisetid som arbeidstid frå NHO-advokatane Meidell Engan og Stadheim Almestrand den 16. april gir grunn til nokre merknader frå underteikna som var prosessfullmektigar for arbeidstakar og Politiets Fellesforbund i «Reisetid saka» i Høgsterett (HR-2018-1036-A).

Tittelen på innlegget – «Det er fortsatt ikke slik at all reisetid er arbeidstid» - er eit ukontroversielt utgangspunkt. To stader i innlegget kjem likevel Meidell Engan og Stadheim Almestrand med utsegn om rettstilstanden som etter vår vurdering ikkje er korrekt.

NHO-advokatane gir i innleiinga av sitt innlegg uttrykk for at den nyleg avsagte – og rettskraftige – dommen frå Eidsivating lagmannsrett i «Coca-Cola saka» «underbygger … at spørsmålet om reiser til et annet enn fast oppmøtested er arbeidstid etter arbeidsmiljøloven, bare unntaksvis vil være arbeidstid etter loven». Den same formuleringa vert brukt i siste avsnitt.

Etter vår klare vurdering gir ikkje dette uttrykk for gjeldande rett. Gjeldande rett kan snarare oppsummerast på motsett vis: Høgsterett si avgjerd i «Reisetid saka» inneber at utgangspunktet er at reisetid til og frå anna enn fast oppmøtestad skal reknast som arbeidstid. Dette er ikkje endra gjennom Eidsivating lagmannsrett si avgjerd i «Coca-Cola saka». Den heilt sentrale rettskjelda er framleis EFTA-domstolen sin uttalelse som Høgsterett la til grunn i «Reisetid saka».

Me understreker at usemja er avgrensa til å gjelde reisetid til og fra anna enn fast oppmøtestad og som skjer utanfor alminneleg arbeidstid. Ved reiser til og frå anna enn fast oppmøtestad innanfor alminneleg arbeidstid skal reisetida – som tidlegare – reknast som arbeidstid. Me understrekar óg at usemja kun er knytta til om reisetida er arbeidstid etter dei føresegner i arbeidstidskapitlet i arbeidsmiljølova (kap. 10) som gjennomfører EU-direktivet om arbeidstid («vernebestemmelsene»). Korleis reisetid som må reknast som arbeidstid skal kompenserast er eit anna spørsmål.

Det vil føre for langt å gå inn i ein detaljert analyse av kvifor utgangspunktet for reisetid er motsatt av det advokatane Meidell Engan og Stadheim Almestrand hevdar. For dette føremålet vil me syne til – og sterkt tilrå - artikkelen «Når er reisetid arbeidstid?» av førsteamanuensis Marianne Jenum Hotvedt i Lov og Rett 2019 s. 107-129 for ei grundig framstilling av rettstilstanden etter «Reisetid-saka».

Me vil særleg trekkje fram dei vurderingar som går fram av punkt 4.3 i den nemnde artikkelen der Jenum Hotvedt går konkret og detaljert til verks i sin analyse av dei vurderingar EFTA-domstolen gjer med omsyn til dei tre elementa i EU-direktivet sitt arbeidstidsbegrep. I si samanfatning i punkt 5 oppstiller Jenum Hotvedt generelle retningsliner for vurderinga av når reisetid er arbeidstid der det mellom anna vert konstatert at naudsynte reiser for å utføre pliktige oppgåver «på annet sted enn et fast arbeidssted er i utgangspunktet arbeidstid». Vidare gir Jenum Hotvedt uttrykk for at eit alminneleg utgangspunkt om at reise utanfor alminneleg arbeidstid – til og frå den staden der arbeidet skal utførast – ikkje er arbeid, ikkje kan oppretthaldast for naudsynte reiser for å utføre pliktige oppgåver på andre stader. For slike reiser «er utgangspunktet heller det motsatte».

At konkrete vurderingar kan tenkjast å føre til andre resultat kan me seie oss samde i, men utgangspunktet må i alle høve vera korrekt. For reiser til og frå anna enn fast oppmøtestad  - og som ligg utanfor alminneleg arbeidstid – betyr dette at reisetida i utgangspunktet skal reknast som arbeidstid. At slik reisetid kun «unntaksvis» kan reknast som arbeidstid er det i alle høve ikkje noko rettskjeldemessig dekning for.